21. februar

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
<< februar >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3
4 5 6 7 8 9 10
11 12 13 14 15 16 17
18 19 20 21 22 23 24
25 26 27 28 29
2024

I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2024Muslimar markerer Mal:Muslimske merkedagar 2024Buddhistar markerer Mal:Buddhistiske merkedagar 2024

Fødslar

 

Dødsfall

Abraham Lopes Cardozo z”l (f. 27. september 1914 i Nederland, d. 21. februar 2006) var ein nederlandsk-sefardisk ḥazzán og rabbinar som var særleg kjent for arbeidet sitt med å vidareføre og dokumentere den portugisarjødiske tradisjonen. Abraham Lopes Cardozo vart fødd i 1914 i Nederland som son ått Joseph Lopes Cardozo. Han studerte ved Ets Chaim-seminariet i Amsterdam. I 1939 vart han utnemnt til rabbinar for den sefardiske menigheita i Paramaribo i Surinam. I 1946 kom han så til New York City som ḥazzán ved Shearith Israel — og han vart varande i den stillinga til han gikk av med pensjon i 1984.   Les meir …
Baruch Spinoza (16321677)
Baruch Spinoza (f. 24. november 1632 i Amsterdam; d. 21. februar 1677 i Den Haag), etterkvart kjent som Benedictus de Spinoza og kjent som Bento de Spinoza eller Bento d’Espiñoza i samfunnet han vaks opp i, blir, samen med René Descartes og Gottfried Wilhelm Freiherr von Leibniz, rekna som ein av dei store rasjonalistane i filosofien på 1600-talet. Han blir rekna som grunnleggaren av moderne bibelkritikk.   Les meir …
Kristian Østberg (f. 8. november 1867, d. 21. februar 1942) var ein norsk jurist, høgskuledosent, folkeminnesamlar og statsstipendiat som særleg er kjent for verket Norsk bonderet. Østberg vart fødd den 8. november 1867 i Grue kommune som bondeson. Han gikk på underoffisersskule 1885–89 og var sersjant i Kristiania linjebataljon 1889–95. Samtidig tok han eksamen på Asker Seminar i 1892, og 1892-1904 var han lærar i Brevik, Trondheim og Kristiania. Samtidig med læraryrket studerte han, tok artium i 1900 og vart cand.jur. i 1905. 1906–1908 studerte han vidare i København, Berlin, Würzburg og München. Frå 1909 til 1918 arbeidde han i Statsrevisjonen, og etter det vart han tilsett som høgskuledosent i rettslære og nasjonaløkonomi ved NLHÅs. Kristian Østberg var særleg interessert i folkloristikk. Alt i 1901 fikk han det første stipendet sitt frå Universitetet for å samle folkeminne frå Finnskogen. Frå 1903 reiste han årleg rundt i landet for å dokumentere folkeleg sedvanerett og bonderettsleg tradisjonsmateriale.   Les meir …

Etableringar

 

Opphør

 

Andre hendelsar