1942

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
1942 evt.

| 19. hundreåret | ◄ 20. hundreåret ► | 21. hundreåret |

| 1920-åra | 1930-åra | ◄ 1940-åra ► | 1950-åra | 1960-åra |

◄ ◄ | | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | ◄ 1942 ► | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | | ► ►



1942 evt. i andre kalendrar
Jødisk 5702–5703
Islamsk 1361–1362
Iransk 1320–1321
Hindu
Vikram Samvat 1997–1998
Sjāka Samvat 1864–1865
Kaliyuga 5043–5044
Ab urbe condita 2695
Gregoriansk 1942
MCMXLII

Fødslar

 

Dødsfall

Sigrid de Lemos.
Foto:okjent, frå Våre falne.
Sigrid de Lemos (f. 8. mars 1883 i Kristiania; d. 1942 i Auschwitz) var språklærar i Oslo. Ho vart fødd 8. mars 1883 i Kristiania som det andre av tre born ått Rosalie de Lemos, f. Nathan (f. 1855 i Rendsburg; d. 1930 i Oslo) og Adolph de Lemos (f. 1848 i Hamburg; d. 1900 i Kristiania). Ho tok handelsskulen, og etter det studerte ho språk i utlandet. Da ho kom tilbake til Oslo etter studia, arbeidde ho som språklærarinne i Oslo. Den 26. november 1942 vart ho arrestert fordi ho var jøde. Ho vart sendt til Rådhuskaia der ho og 528 andre norske jødar vart deportert med fangeskipet DS «Donau» til Stettin; derifrå gikk transporten vidare med tog til Auschwitz, der ho truleg vart drepen ved ankomst.   Les meir …
Ephraim Wolff Koritzinsky (òg stava «Efraim») (18831942) var ein jødisk kirurg som blant anna arbeidde som overlege ved Kristiansund Sykehus (1920–33) og ved Trondhjem Sykehus (1933–41). Han var kjent som ein rettskaffen og frittalande mann. Ephraim Wolff Koritzinsky vart fødd den 20. juni 1883 i Karlstad i Värmland i 1883 av föreldra Abraham Josef Koritzinsky (1858–1928) og Pauline Abrahamson (1858–1908). Han gikk på skule i Hamborg frå 1894 til 1898 og tok norsk artium i 1901. Han avla medisinsk embetseksamen i 1909. Frå 1912 kombinerte han eigen privatpraksis med eit årsvikariat ved Kristiansund Sykehus.   Les meir …
Moritz Rabinowitz (18871942) var ein asjkenazisk samfunnsengasjert handelsmann og gründer som var fødd i Polen, men som budde i Haugesund frå 1911 til han vart arrestert av nazistane i 1940 og seinare deportert til Sachsenhausen, der han dødde den 27. januar 1942. Moritz Rabinowitz vart fødd den 20. september 1887 i landsbyen Rajgrod i Polen. Han kom til Bergen i 1909 og til Haugesund i 1911. Han gifta seg med Johanne Goldberg (1889–1939), som var dotter ått Oberkantor Salomon Goldberg i Berlin, kjent for bygginga av synagogen «Friedenstempel» Halensee der. Ei dotter, Edith, gift Reichwald, vart fødd i 1918. I Haugesund opna han ein liten klesbutikk. Idéen hans var å gje bønder, fiskarar og arbeidarar stilfull mote for ein rimeleg penge.   Les meir …
Kristian Østberg (f. 8. november 1867, d. 21. februar 1942) var ein norsk jurist, høgskuledosent, folkeminnesamlar og statsstipendiat som særleg er kjent for verket Norsk bonderet. Østberg vart fødd den 8. november 1867 i Grue kommune som bondeson. Han gikk på underoffisersskule 1885–89 og var sersjant i Kristiania linjebataljon 1889–95. Samtidig tok han eksamen på Asker Seminar i 1892, og 1892-1904 var han lærar i Brevik, Trondheim og Kristiania. Samtidig med læraryrket studerte han, tok artium i 1900 og vart cand.jur. i 1905. 1906–1908 studerte han vidare i København, Berlin, Würzburg og München. Frå 1909 til 1918 arbeidde han i Statsrevisjonen, og etter det vart han tilsett som høgskuledosent i rettslære og nasjonaløkonomi ved NLHÅs. Kristian Østberg var særleg interessert i folkloristikk. Alt i 1901 fikk han det første stipendet sitt frå Universitetet for å samle folkeminne frå Finnskogen. Frå 1903 reiste han årleg rundt i landet for å dokumentere folkeleg sedvanerett og bonderettsleg tradisjonsmateriale.   Les meir …

Etableringar

 

Opphør

 

Andre hendelsar

 

<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>