14. april

Frå Alnakka.net
<< april >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30
2020

Den 14. april er det tiburtiusmesse, valerinusmesse og første sommardag etter primstaven; og bengalsk nyår i Bangladesh.  I jødedommen er det ḥol hammongéd (mediano, romhelg) av pesaḥ (páscua de las cenceñas). 7. dag av pesaḥ begynner ved solnedgang.  Sikhar markerer væsākhī.  

Fødslar

Ali Akbar Khan under ein konsert i 1988.
Foto:Alephalpha
Ustād Ali Akbar Khan (bengali আলী আকবর খাঁ, f. 14. april 1922, d. 18. juni 2009), ofte kalla Khansahib, var ein musikar i Maihar-gharānāen av hindustani klassisk musikk som først og fremst var kjent som ein virtuos sarōdspelar. Ustād Ali Akbar Khan spela ein avgjerande rolle i arbeidet for å gjera indisk klassisk musikk populær i Vesten, både som utøvar (ofte i lag med Ravi Shankar) og som lærar. Han grunnla ein musikkskule i Kolkata i 1956, og i 1967 sette han i gang Ali Akbar College of Music, som no har San Rafael i California som hovudsete og ei avdeling i Basel i Sveits. I tillegg til arbeidet sitt som utøvar og komponist innafor det tradisjonelle rāga-systemet er Ali Akbar Khan kjent som filmmusikk-komponist.   Les meir …
Hans Ross.
Hans Ross (f. 14. april 1833; d. 16. juli 1914) var ein teolog, ordboksredaktør, målmann og statsstipendiat frå Mandal. Hans Matthias Elisæus Ross vart fødd søndag den 14. april 1833 i Holum i Mandal. Han var presteson og vart student i 1849, etter å ha vore elev av blant andre lektor Ole Kristian Thistedahl ved Kristiansand katedralskole. I 1852 vart han cand.theol. Han arbeidde deretter som lærarvikar, studerte tysk i Tyskland 1856–57, engelsk i England 1859–60 og underviste i språk ved skular i Christiania. Etter sitt første møte med Ivar Aasen i 1857, fann Ross livsoppgåva si i å vidareføre og utvide Aasen sitt ordboksverk.   Les meir …

Dødsfall

Georg Friedrich Händel (1685–1759)
Georg Friedrich Händel eller George Frideric Handel (168514. april 1759) var ein tyskfødd barokkomponist som i vår tid er særlig kjent for oratoriet The Messiah (Messias) og orkesterverka The Celebrated Water Musick og Musick for the Royal Fireworks. Georg Friedrich Händel vart fødd den 23. februar 1685 i Halle i det davarande kurfyrstedømmet Brandenburg ått föreldra Georg Händel (16221697) og Dorothea Taust (16511730). Sjølv om faren gjorde sitt beste for å halde han unna musikken og pense han inn på advokatyrket i staden, viste Georg Friedrich tydelig talent for tangentspel alt i sjuårsalderen. Ni år gammel begynte Georg Friedrich å komponere musikk.   Les meir …

Etableringar

 

Opphør

 

Andre hendelsar