12. juli

Frå Alnakka.net
<< juli >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30 31
2020


Fødslar

Portrett av Amedeo Modigliani måla av Jeanne Hébuterne i 1919.
Amedeo Modigliani, fødd 12. juli 1884 i Livorno i Italia, død 24. januar 1920 i Paris i Frankrike, var ein italiensk kunstmålar, skulptør og teknar. Modigliani var det fjerde og yngste barnet til Flaminio Modigliani og Eugenia Garsin. Heimbyen hadde ei stor jødisk befolkning, og han vart fødd inn i ein opprinneleg velståande sefardisk familie. Broren Giuseppe Emanuele Modigliani var ein sosialistisk politikar. I 1895, elleve år gammel, vart han ramma av lungehinnebetennelse, og da han var fjorten fikk han tyfus. I 16-årsalderen fikk han lungehinnebetennelse att og pådrog seg òg tuberkulose. I rekonvalesensperioden bestemte han seg for å begynna å måle, og mor hans ordna det slik at han fikk studere med landskapsmålaren Guglielmo Micheli i Livorno.   Les meir …

Dødsfall

Henrik Arnold Wergeland.
Henrik Arnold Wergeland (17. juni 180812. juli 1845) var ein norsk diktar. Wergeland bidrog til å utvikle mykje av den norske nasjonalkjensla og blir gjerne òg rekna som ein av de største norske lyrikarane gjenom tidene. Han er først og fremst kjent som ein romantisk diktar. Wergeland var son av politikaren og teologen Nicolai Wergeland og kona Alethe Dorothea Wergeland, fødd Thaulow. Namnet Henrik fikk han etter morfaren Henrik Arnold Thaulow som var byskrivar i Kristiansand. Familien flytta frå Kristiansand til Eidsvoll da Henrik var 9 år gammel.   Les meir …

Etableringar

 

Opphør

 

Andre hendelsar