11. juni

Frå Alnakka.net
<< juni >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30
2020


Fødslar

Mordecai M. Kaplan.
Mordecai Kaplan (18811983), var ein asjkenazisk rabbinar og filosof og grunnleggaren av den rekonstruksjonistiske jødedommen. Mordechai Menahem Kaplan vart fødd den 11. juni 1881 i Litauen og ordinert som rabbinar ved Jewish Theological Seminary of America (JTS) i 1902. JTS var alt da tilknytt konservativ jødedom, men det var enklare da enn no for rabbinarar å flytte mellom de olike retningane av jødedommen. Såleis begynte Kaplan karrieren sin som ortodoks rabbinar i synagogen Kehillath Jeshrun i byen New York.   Les meir …
José António Carlos de Seixas.
(José António) Carlos (de) Seixas (f. 11. juni 1704 i Coimbra; d. 25. august 1742 i Lisboa) var ein portugisisk komponist og organist. José António Carlos de Seixas vart fødd onsdagen den 11. juni 1704 i Coimbra ått foreldra Marcelina Nunes og domorganist Francisco Vaz. I 1718, berre 14 år gammel, tok han over organiststillinga etter far sin, og to år seinare flytta han til Lisboa, der han gav musikktimar. I Lisboa møtte han Domenico Scarlatti, som budde i Portugal frå 1721 til 1728. Det blir sagt at da Dom António (son ått kongen) prøvde å ordne at Carlos Seixas skulle få cembalotimar med Scarlatti, svara Scarlatti at det heller var Carlos Seixas som burde gje honom timar.   Les meir …
Magnhild Havdal Almhjell (f. 11. juni 1894, d. 13. mai 1985) var ein folkesongar frå TingvollNordmør. Magnhild Havdal vart fødd den 11. juni 1894 i Oppigarden i Havdalen inst i Tingvoll kommune på Nordmør. Mora, Karen Havdal, dødde i 1895, berre 23 år gammel. Etter at Magnhild miste mor si, voks ho opp med besteforeldra på Havdal. Ho fikk mykje tradisjonsstoff frå morfaren, Kristoffer Knutson Havdal (18221912), og av mormora, Magnhild Eriksdotter Havdal, f. Valset (Ålvundeid) (18411942), lærte ho mange gamle tonar. Mormora vaks opp med far sin, Erik Larsson, f. Brandstad.   Les meir …

Dødsfall

 

Etableringar

 

Opphør

 

Andre hendelsar