1. februar

Frå Alnakka.net
<< februar >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28
2021

I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2021Muslimar markerer Mal:Muslimske merkedagar 2021Buddhistar markerer Mal:Buddhistiske merkedagar 2021

Fødslar

Isaac Aboab da Fonseca
Ishac Aboab da Fonseca (f. 1.2.1605 i Castro Daire, d. 4.4.1693 i Amsterdam) var ein portugisarjødisk rabbinar, kabbalist og forfattar. Frå 1642 var han ḥakhám i K″K Ṣur Israel i Mauritsstad i Pernambuco) i det novarande Brasil, og frå 1654 var han overrabbinar for den portugisarjødiske menigheita i Amsterdam. Han er blant anna kjent for å ha vore med i mangamáden (menigheitsrådet) som lyste Baruch Spinoza i bann på grunn av gudssynet han la fram i skriftene sine. Simaõ da Fonseca vart fødd tisdag den 1. februar 1605 i Castro Daire i det nordlige Portugal ått föreldra David Aboab og Isabel da Fonseca, som begge var novos cristãos (conversos, bené anusím). Sjølv om familien offisielt hadde konvertert til kristendommen, leid familien stadig under antisemittiske fordommar og mistankar frå Den portugisiske inkvisisjonen. Da Simão enno var liten, flykta familien til St. Jean de Luz rett nordom den spanskfranske grensa. Det ser ut til at David dødde der, og i 1612 flytta enkja Isabel og sonen Simaõ til Amsterdam, der nån slektningar av David alt budde. Da dei kom ått Amsterdam, gikk dei straks tilbake til jødedommen att, og Simão tok i bruk det jødiske namnet Ishac Aboab da Fonseca (förenamnet vart òg skreve Yshac, Yshack o.a.). I ungdomstida studerte både Ishac og jamnaldringen Menasseh Ben Israel med Isaac Uziel.   Les meir …

Dødsfall

Minnesmerke over Hallvard Ørsal i Todalen.
Foto:Olve Utne, 1996.
Hallvard Ørsal (f. 22. desember 1876; d. 1. februar 1943) var ein spelmann frå Todalen i Stangvik i novarande Surnadal kommuneNordmør. Hallvard spela tyskfele de første åra, men vart rådd til å gå over til hardingfele etter at mange meinte han vart orettferdig vurdert under landskappleiken i Kristiansund i 1905. Frå 1906 til 1924 bruka han mesta berre hardingfela, men med landskappleiken i Molde i 1924 vann han premie på vanleg fele, og han spela mykje på tyskfela att de siste par tiåra av livet sitt.   Les meir …

Etableringar

 

Opphør

 

Andre hendelsar