«Skuldelev 2»

Frå Alnakka.net
Skuldelev 2 fakta
Materiale eik
Lengd 29,4 meter
Breidd 3,8 meter
Høgd midtskips 1,8 meter
Høgd over stamn 5,2 meter
Mastelengd 14 meter
Djupn ca 1 meter
Vekt ca 10 tonn
Lasteevne ca 15 tonn
Seglareal 118
Årar 30 par
Mannskap 60–70 personar
Anslegen
gjenomsnittsfart
under segl
ca 5 knop
Anslegen
toppfart
under segl
ca 20 knop
Anslegen fart under årar 6 knop
Datering 1042 eller litt etter
Byggjestad Området ved DublinIrland
Bevart ca 25 %
Kopiar «Havhingsten fra Glendalough»
«Skuldelev 2».
Foto:Casiopeia

«Skuldelev 2» er det andre skipet som vart funne ved Skuldelevsperringa i Roskilde Fjord. Det var det lengste vikingskipet som var funne til da, sjølv om de berre kunne gjette på lengda i den tidlege fasen. Faktisk er det så langt at de først trudde at akterenden var eit anna skip, og det fikk arbeidsnamnet «Skuldelev 4». Dermed blir «Skuldelev 2» òg kalla «Skuldelev 2–4».

Seinare førte meir inngåande studium til ei rimelig sannsynlig fastsetting av lengda til 29,6 meter. I samband med at Vikingeskibsmuseet i Roskilde skulle utvidast, fann arkeologar eit enda större vikingskip i 1997 — med ei lengd på kring 36 meter og med plass til kring 100 mann.

«Havhingsten fra Glendalough».
Foto: Åke Persson, 2004.

I 2000–04 vart det bygd ein rekonstruksjon av «Skuldelev 2» ved verftet ved Vikingeskibsmuseet i Roskilde. Detta skipet vart sjysett laurdag den 4. september 2004 og døpt «Havhingsten fra Glendalough» av dronning Margrethe II av Danmark.

Inngåande studium av treverket frå «Skuldelev 2» har vist at skipet er bygd av eik som vart hogd i 1042 evt. ved Dublin i Irland. Treverket stammar truleg frå skogane i Glendalough-dalen sørom Dublin. Seinare vart skipet reparert fleire gonger i Dublin före det endte sine dagar som eit utslete vikingskip og vart søkkt i Roskilde Fjord utaföre Skuldelev i år 1075 evt.

Deie første vrakstykka av Skuldelevskipa vart funne av Roskilde Undersøiske Forskningsgruppe under ledelse av mag.art. Åge Skjelborg torsdag den 30. august 1956. Han har skreve boka Vand under neglene om funnet.

Pekarar


GNU-logoen Denna artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Skuldelev 2» frå Dansk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.