Ḥanukká

Frå Alnakka.net

Ḥanukká

Ḥanukkilje med menoráform i messing.

Historie:
Makkabearane
Makkabæingkampen (O.J. Høyem)
Ḥanná & sønene
Jehudít & Holofernes
Megillàt Antijjokhós

Ordet ḥanukká

Lystenning
ḥanukkilje

Songar:
Hannerót hallálu
S: Hazeremos una merenda · Mi ze jemallél · Ocho candelicas
A: Channeke, oi channeke · Mangóz ṣur · O, ir kleine lichtelech
Isr: Mi jemallél · Sevivón

Klassisk musikk:
Händel: Judas Maccabæus

Mat:
S: bimuelos · borecas · semulepudding
A: latkes

Tenning av ḥanukkálysa i Hordaland.

Ḥanukká (hebr. חֲנֻכָּה eller חֲנוּכָּה), stundom òg skreve chanukka og ofte kalla den jødiske lysfesten, blir feira i åtte døgn kring nymåne i desember — frå 25. kislév til eit par dagar uti tebét.

I 2013 varer ḥanukká frå solnergang onsdag den 27. november til solnergang torsdag den 5. desember.

Kvar kveld tenner vi lys i ein ḥanukkilje (sjå bildet) Ein ḥanukkilje er ein lysstaka eller ei oljelampe med åtte vanlege armar og éin ekstra för «tjenaren» (sjå meir om tjenaren i kapitlet «Tenning av lys»). Første kvelden tenner vi eitt lys og tjenaren, andre kvelden to lys og tjenaren, og så vidare inntil vi tenner alle åtte lysa og tjenaren på den åttande kvelden.

Vi et gjerne mjølkmat (særlig mizraḥisk og sefardisk skikk) og mat steikt eller kokt i olje (særlig asjkenazisk og tildels sefardisk skikk). Elles er det vanleg å gje kvarandre gåvor og å synge eller spela glad musikk. (Somme familiar pyntar tre òg, men dét er ikkje tradisjonelt rekna som nån jødisk skikk.)

Ḥanukká har mange likheitstrekk med jula slik ho blir feira i Skandinavia i dag, men det er mykje som er olikt òg — sjå «Samenlikning mellom ḥanukká og jul».

Kva datoar fell ḥanukká på?

Ḥanukká fell på dagane kring nymåne i desember.
Foto:Olve Utne

Første kvelden av ḥanukká fell på dei følgjande datoane i den gregorianske kalenderen: