Zeróang
Frå Alnakka.net
Zeróang (hebr. זְרֹֽעַ el. זְרֽוֹעַ) er ein symbolsk matrett under seder haggadá sjel pesaḥ. I mizraḥisk og det meste av sefardisk jødedom blir zeróang framleis representert ved eit grilla lammebein med noko kjøtt på. Zeróang minner om påskelammet som vart ofra på første kvelden av pesaḥ medan Tempelet i Jerusalem stod. Samtidig er sjølve ordet zeróang (arm) ein allusjon til Guds utstrekte arm (zeróang netujá) under utgangen av Egypt.
I dei fleste former av tradisjonell asjkenazisk jødedom er det tabu å servere grilla eller steikt lammekjøtt under haggadáen för å unngå at nån skal tru at dét er det originale offeret i Tempelet, og dei brukar ofte eit kyllinglår i staden.