Zemanním for Svolvær
Innleiing
Denne tabellen viser zemanním (halakhiske tider) basert på GR"A, med ngalót hasjáḥar basert på haRambam og moṣaé sjabbát basert på sefardisk halakhá — det vil seie 30 proporsjonelle minutt etter sjekingàt haḥammá (solnedgang). På dagar med midnattssol er det ikkje solnedgang. Desse dagane er moṣaé sjabbát sett til tidspunktet for ḥaṣót halláila (astronomisk midnatt).
Kenisàt sjabbát (inngangen til sjabbát) er her definert som 10 minutt føre sjekingàt haḥammá. Ved dagar utan solnedgang er ikkje kenisàt sjabbát definert, men kan markerast tidlegast ved pelàg hamminḥá og seinast 10 minutt føre ḥaṣót halláila.
I mørketida er tidene for kenisàt sjabbát og moṣaé sjabbát basert ḥaṣót hajjóm hhv. fredag og laurdag.
Alle tidene er oppgjevne i normaltid med mindre anna (s-) er oppgjeve. Ved sommartid lyt du legge til éin time til alle omerkte klokkeslett.