Zalman Schachter-Shalomi

Frå Alnakka.net
Reb Zalman Schachter-Shalomi
Foto:Edis Jurcys

Reb Zalman Schachter-Shalomi (f. 28. august 1924 i Żółkiew i det davarande Polen (no i Ukraina), d. 3. juli 2014 i Boulder i Colorado i USA) var ein asjkenazisk rabbinar med bakgrunn i Ḥabad-ḥasidismen som først og fremst var kjent som grunnleggar av og hovudperson attom jødisk fornyings-rørsla.

Liv

Zalman Schachter-Shalomi vart fødd i Zholkve i det davarande Polen (no i Ukraina) torsdagen den 28. august 1924 og vaks opp i Wien. Under andre verdskrigen var han internert i konsentrasjonsleirar under Vichy-regimet. I 1941 kom han seg over til USA. Han vart ordinert som rabbinar under Ḥabad-rørsla i Brooklyn i New York i 1947.

Den varierte bakgrunnen ått Schachter-Shalomi inkluderer bruk av psykedeliske stoff med Timothy Leary, psykologistudium ved Boston University med Howard Thurmann som rettleiar, undervisning av mange studentar som er aktive jødiske feministar og hans eiga tru på gaiahypotesen. Fornyingane hans i den jødiske gudstjenesta (ikkje avgrensa til Jewish Renewal-rørsla) inkluderer synging av bøner på engelsk til melodi av den tilhørande hebraiske kantillasjonen; involvering av forsamlinga i teologisk dialog, leiing av meditasjon under gudstjenestone og innføring av spontan rørsle og dans.

Verk

Undervisning

Schachter-Shalomi har bl.a. undervist ved Reconstructionist Rabbinical College, Omega, NICABM og fleire andre större institusjonar. Han er professor emeritus ved Temple University i Philadelphia i Pennsylvania og World Wisdom Chair ved The Naropa Institute. Som grunnleggar av ALEPH: Alliance for Jewish Renewal og ALEPH Ordination Program spelar han ein sentral rolle i Jewish Renewal-rørsla og presenterer der den sentrale læra frå ḥasidisme og kabbalá på eit samtidig, tilgjengelig og hjartelig vis som har ført med seg ei praksisbasert opptaking av slike ein gong skydde element i reformjødedom, rekonstruksjonistisk jødedom og konservativ jødedom. Han har skreve over 150 artiklar, bøker og monografiar om jødisk åndelig liv (sjå [1] og [2]) og ordinert over 80 rabbinarar og ḥazzaním (kantorar) som fungerer som förrettarar og lærarar i alle retningar av jødedommen.

Schachter-Shalomi oppmuntrar til mangfald blant studentane sine og insisterer på at dei bør integrere talenta sine, visjonane, syna og dei sosiale verdiane sine i det djupe studiet av og utøvinga av jødedommen. Denne kraftgjevande tilnærminga har ført med seg ein eksplosjon av jødisk rituell kunst, ny jødisk musikk og nyskapande/nye jødiske ritual — og til at han sjølv har endra ståstad til [empowering] og inkludering av kvinnor i jødiske rollar som framleis er utelukkande reservert för menn i mesta alle former av ortodoks jødedom. Rettferdigheitsarbeidet hans har vore viktig i prosessen med å inkludere homofile i jødiske bryllaupsritual og ordineringsprogram. Han tilbyd òg ein utfyllande hermeneutikk til klassiske tilnærmingar til halakhá (jødisk religiøs lov) som han kallar psykohalakhá. Ein underkategori av psykohalakháen er prinsippa og praksisen för økokasjrút.

Arbeidet hans Spiritual Intimacy, resultatet av studia hans av det åndelige rettleidingssystemet i Ḥabad-rørsla som førte til ein Ph.D.-grad ved Hebrew Union College, førte til at han oppmuntra studentane sine til eit breidt studium innaför området åndelig rettleiding og å förnye eksisterande, samtidige system med målet å fornye ei sunn åndeligheit og ein sunt gudsförbindelse i jødisk liv. Han har òg vore ein föregangsmann på området «åndelig aldring» — ein praksis der han arbeider med andre eldre med å hjelpe dem å takle aldringa på åndelig vis og å verke som rettleidarar för yngre vaksne.

Författarskap

Schachter-Shalomi har produsert eit stort tal artiklar, bøker og lydkassettar. Den homiletiske stilen hans er prega av frie assosiasjonar, eit typisk trekk för rabbinarar med ḥasidisk utdaning, og den hyppige bruken hans av psykologisk terminologi og datametaforar blir sett pris på av dei fleste som les skriftene hans för første gong. Utgjevingane hans inkluderer dei åndelige praksishandbøkerne Jewish with Feeling: a guide to Meaningful Jewish Practice (skreve samen med Joel Segel), The First Step (med Donald Gropman, 1983) og Gate to the Heart (1993).

Schachter-Shalomi si utvikling frå tradisjonell Ḥabad-filosofi til jødisk fornying ser vi i samlingane hans av essay og förelesningar, Paradigm Shift (red. Ellen Singer, 1993) og Wrapped in a Holy Flame (red. Nataniel Miles-Yepez, 2003). From Age-ing to Sage-ing (med Ronald Miller, 1995) gjev eit grunnriss av arbeidet hans med «åndelig aldring». Spiritual Intimacy er verket hans om ḥasidiske åndelige rettleidingsteknikkar, og The Dream Assembly er ei samling av historior han har skreve.

Pekarar


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon