Wolfgang Amadeus Mozart

Frå Alnakka.net
Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791).

Wolfgang Amadeus Mozart (17561791) var ein klassisistisk komponist og pianist frå Austerrike. Han er kjent som vidunderbarn og komponist av mange olike musikkstykke i klassisistisk stil. Han skreiv nån av høgdepunkta innaför opera, symfoniar, instrumentkonsertar og kor-, piano- og kammermusikk.

Liv

Barndom

Mozart som seksåring i kledor han hadde fått i gåve ved hoffet i Wien.

Mozart var fødd den 27. januar 1756 i Salzburg, i det sjølvstendige erkebispedømmet Salzburg, og vart døpt Johannes Chrysostomus Wolfgangus Teophilus (Gottlieb) Mozart dagen etter at han vart fødd. Mora var Anna Maria Pertl Mozart, og faren var Leopold Mozart, ein ledande europeisk musikkpedagog. Leopold tok til å undervise sonen i klaver- og seinare fiolinspel frå han viste musikalsk talent som treåring.

Både Mozart og den eldre søstra Maria Anna vart dyktige musikarar, og dei og far deras reiste på konsertturnéar til fleire av hoffa i Europa. Gjenom detta vart Mozart kjent med store komponistar som Johann Christian Bach, som skulle bli ei viktig påverkning. Familien vart utsett för fleire epidemiar som herja Europa på denna tida, og mor hans dødde av feber i Paris i 1778.

Den unge Wolfgang Amadeus var ein ovanleg dyktig musikar. Alt som sjuåring kunne han spela kva stykke som helst frå bladet, transponere utan vidare, improvisere ariar over ei oppgjeva basstemme og komponere på staden. Förtelinga om kossen Mozart skreiv ner det hemmelige, nistemmige stykket Miserere av Gregorio Allegri er vorte noko nær ei legende som skildrar kor begåva han var. Detta stykket var berre tillate å framføre i Det sixtinske kapellet, og dei hemmelige notane fanst berre der. Den trettenårige Mozart skreiv ner musikken etter å ha haurt han framført éin gong, og dagen etter kom han tilbake for å rette nån småfeil.

Karriere som vaksen

Da han vart eldre, var Mozart i olike periodar tilsett ved hoffkapellet i Salzburg, men han busette seg til slutt i Wien som fri kunstnar etter at den strenge arbeidsgjevaren hans, prins-erkebiskopen av Salzburg, hadde kasta han ut derifrå. Han vart ein populær komponist blant adelen i byen og spela ofte piano på sine eigne konsertar ved hoff og i salongar der. Trass i god tilgang på arbeidsoppdrag og elevar hadde Mozart stadig økonomiske problem, både fördi han ikkje allveg fikk betalt for arbeidet sitt og fördi han ofte sløste vekk dei pengane han hade. Sjukdommar og depresjonar gjorde òg livet vanskelig för komponisten.

I 1782 gifta han seg med Constanze Weber, eit søskenbarn ått komponisten Carl Maria von Weber. De fikk seks born, men berre to av dem levde opp. På denna tida vart han òg ven med Joseph Haydn og vart velt inn i samma frimurarlosjen som han. Religiøs symbolikk og samfunnskritikk med opphav her kan finnast att i operaene Die Zauberflöte (‘Trylleflöyta’) og Figaros brudlaup.

Etter å ha gjort stor suksess i Praha vart Mozart tilboden stillinga som keisarlig kammerkomponist da han kom tilbake til Wien i 1787. Tre år seinare vart han kapellmeister ved Stefansdomen i Wien. I 1791 komponerte han Die Zauberflöte, eitt av dei störste verka sine, som òg gjorde stor suksess i samtida. Da han skreiv denna operaen hadde han berre to månader att å leva. Mozart dødde den 5. desember 1791, såvidt 36 år gammel, av ein okjent sjukdom, medan han arbeidde på det siste, ofullendte verket sitt, Requiem.

   Video frå YouTube   

Denne videoen er ikkje lokalt lagra, men ligg på nettstaden YouTube, som er juridisk ansvarleg for innhaldet. Om du meiner at denne videoen er eit opphavsrettsbrott, så meld straks frå til YouTube.

This video is not stored locally, but shared from YouTube, who are legally responsible for the contents. If you believe this video to be in violation of your copyright, please notify YouTube immediately.

Første satsen av Eine kleine Nachtmusik av W.A. Mozart spela på originalinstrument av New Trinity Baroque frå Atlanta, Georgia. Dirigenten er Predrag Gosta.


Verk

Mozart er ein sentral representant för klassisismen innan musikken, samen med komponistar som Haydn og Beethoven. Vi finn att alle dei viktige elementa i stilen i musikken hans: Balanse, klårheit og hovudsakleg okompliserte harmoniar. Utviklinga hans liknar utviklinga til musikkstilen, frå eit enkelt tonespråk bruka av blant anna Sammartini og Stamitz, til ein moden stil der kontrapunktteknikkar frå barokken var innfletta.

Frå han var liten hadde Mozart talent för å etterlikne musikken han haurde, og de mange turnéreisone hans gjorde at han fikk høre mange olike stilar som han samla i eit særeige komposisjonsspråk. Som barn i London møtte han Johann Christian Bach og musikken hans; i Paris, Wien og Mannheim møtte han musikarar og komponistar derfrå. Påverkninga frå italienske ouvertyror og humoristisk opera buffa er tydelige i musikken hans.

Mozart komponerte i mesta alle dei store sjangrane, som symfoniar, opera, kammermusikk og soloinstrumentkonsertar, der han særlig utvikla pianokonsertane og gjorde dem populære blant folk. Han skreiv religiøs musikk som messor, og lett underhaldningsmusikk som dansar og serenadar. På samma viset som Franz Schubert er Mozart kjent för å ha skapt enkle melodiar som sitt lett i minnet.

Verkliste

Den austerrikske musikkforskaren Ludwig von Köchel laga ei kronologisk-tematisk liste over alle verka til Mozart som var kjent. Det er gjort endringar seinare, men komposisjonane 1–626 blir som regel referert til med K- eller Köchel-nummer.

Solo- og kammermusikk

Orkestermusikk

Symfoniar


Solokonsertar

Vokalmusikk

Operaer

Messor

  • Exsultate, jubilate, K. 165
  • Krönungsmesse i C-dur, K. 317
  • "Groß" messe i c-moll, K. 427
  • Ave verum corpus, K. 618
  • Requiem i d-moll, K. 626


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Wolfgang Amadeus Mozart» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.