Viola d’amore bygd i
Paris i
1760.
Foto:Frinck51
Ein viola d'amore (it.) eller viole d'amour (fr.) er eit strykeinstrument av gambetypen med opp til sju vanlege strenger. Instrumentet er omtrent så stort som ein bratsj og blir halde mot kragabeinet på liknande vis som fiolin og bratsj. Den første tida vi hører om instrumentet, frå 1670-åra, var viola d’amore vanlegvis rigga med fem eller fleire metallstrenger og utan nån resonansstrenger. Dei neste tiåra vart det vanleg med resonansstrenger, og kring samma tida gikk musikarane over til å bruke tarmstrenger heller enn metallstrenger som overstrenger. Den typiske seinbarokke og klassisistiske viola d’amore hadde seks eller sju overstrenger og eit varierande antal understrenger. Første gongen instrumentet vart nemnt ved namn var i bolken om 20. november 1679 i John Evelyn si dagbok: “for its swetenesse & novelty the Viol d’Amore of 5 wyre-strings, plaid on with a bow, being but an ordinary violin, play’d on Lyra way by a German, than which I never heard a sweeter Instrument or more surprizing...”
Vanleg stemming og omfang til viola d’amore.
Foto: «Mezzofortist»
Repertoar frå barokken og klassisismen
- Heinrich Biber: Partita VII for to viole d’amore og generalbass, i Harmonia artificiosa - ariosa, 1696.
- Antonio Vivaldi: Seks solokonsertar for viola d’amore (RV 392–397), ein med lutt (RV 540) og ein concerto da camera (RV 97). I tillegg inkluderte han viola d’amore-obligatstemmar og kadensar i fleire andre verk. I begge versjonane hans av salma Nisi Dominus (RV 608 og RV 803), er det ein viola d’amore-stemme i satsen Gloria Patri. Andre eksempel på bruk av instrumentet finn vi i arien Tu dormi in tante pene i operaen Tito Manlio og i arien Quanto magis generosa i oratoriet Juditha triumphans.
- Johann Sebastian Bach: Arie nr. 19 og 20 i Johannespasjonen og i somme kantator.
- Johann Joachim Quantz : triosonate for fløyte, viola d’amore og generalbass.
- Attilio Ariosti: 6 leksjonar, 15 sonatar og to kantator.
- Joseph Haydn : Divertimento for viola d’amore, fiolin og cello. Dén instrumenteringa er ikkje den originale frå Haydn si side, men eit anonymt arrangement frå 1700-talet.
- Georg Philipp Telemann: Konsert i E-dur for fløyte, oboe d’amore, viola d’amore, strykarar og generalbass.
- Carl Stamitz: 3 solokonsertar, ein sonate i D-dur for viola d’amore og fiolin eller bratsj, ymse andre sonatar og ein kvartett.
Video frå YouTube
|
Denne videoen er ikkje lokalt lagra, men ligg på nettstaden YouTube, som er juridisk ansvarleg for innhaldet. Om du meiner at denne videoen er eit opphavsrettsbrott, så meld straks frå til YouTube.
This video is not stored locally, but shared from YouTube, who are legally responsible for the contents. If you believe this video to be in violation of your copyright, please notify YouTube immediately.
|
Rachel Barton Pine spelar Konsert for viola d’amore og strykarar av Antonio Vivaldi samen med ensemblet Ars Antigua. (Rachelbartonpine.com)
|
|