Vant

Frå Alnakka.net
Nederenden av vant med vantnåler på geitbåtfemring. (Foto: Olve Utne)

Eit vant er eit taug eller ein vaier som går frå høgt oppe på mastra ned til båtsida og som hjelper mastra til å stå stabilt i forhold til tverrskips påverkning. Ved å vara festa noko attom mastra balanserer de òg mot staget som går frå mastra i retning framstamnen, og de bidreg dermed òg til å stabilisere mastra langskips.

Mindre båtar

vestlandsbåtar, sunnmørsbåtar, geitbåtar, åfjordsbåtar og nordlandsbåtar er vanta gjerne festa til båtsida med vantnåler — avlange trestykke som blir hekta under lykkjor på båtsida og klipne samen med ein ring eller ei hylse nærme toppen av nåla. Dermed er det lett å løyse ut vantet i ein hast når det trengst. På nokre båttypar er det eit det eit odde tal vant. Da blir det sett eitt eller to vant på kvar side, og det siste vantet blir sett i høgbord (lo- eller vindsida av båten), slik at det er fleire vant i høgbord enn i lebord. På desse båttypane, der riggen gjerne blir oppsett og nedteken på dagleg basis eller oftare, blir vantlengda regulert ved å gje ut eller å ta inn ved knopet ved vantnåla når vantet ikkje står i spenn. Vantet blir spent når vantet og vantnåla blir samenklemte og hylsa påsett.

De fleste tradisjonelle båttypane med spriseglAust- og Sørlandet har frå gammelt ikkje vant, men berre eit stag frå mastra til framstamnen.

Seglskutor

På mindre seglskutor med pålemaster er det normalt berre eitt spenn med vant. Sidan 1500-talet har det vore vanleg at større skutor har fått mastrer samensett av undermaster og ei eller fleire mastrestenger oppå. I slike fall er eigne stengevant mellom mastredelene med på å stive av konstruksjonen og sikre mastra mot samenbrott.

Vant ved fast rigg på større farty vart i eldre tid spent med hjelp av taljereip som gikk mellom «jomfruor» — éi i vantet og éi i røstjarnet. I nyare tid har strekkfiskar (spennskruar med innvendig gjenga hylse) vorte meir eller mindre einerådande.