Vaflar
Ei vaffel (fleirtal: vaflar), òg kalla bakels (Nordmør, Romsdal, Budal, Østerdalen, Odal og Solør) og raffelkaku (Trøndelag), er ei tjukkvorda, oftast noko luftig, pannekake som er steikt i eit jarn med meir eller mindre grovt rutemønster eller anna grovt mønster. Vaflar kan vara rektangulære (typisk for nederlandske og belgiske vaflar), runde (typisk mange plassar i Nord-Amerika) eller runde med underdeling i fire eller fem hjarteforma vaflar (typisk for skandinaviske vaflar). Blant portugisarjødar er vaflar tradisjonell ḥanukkámat.
Oppskrifter
Bakels (vaflar) frå Nordmør
Ingrediensar (4-5 porsjonar)
1 l mjølk 4 egg ca 7 dl mjøl ( 1 dl sukker)
Framgangsmåte
Bland alt. Lat røra svelle minst ein halvtime. Steik i rundt vaffeljarn med hjarteform. For å få sprøde vaflar, legg dem på metallrist. Mjuke vaflar får vi med å legge dem oppå kvarandre.
Til kvardags serverer vi gjerne vaflane varme med ekte smör, brunost og syltetøy. For meir høgtidelige anledningar serverer vi gjerne òg graut som pålegg til vaflane — för eksempel smörgraut, rømmegraut, mølsgraut eller risgraut.
Pekarar
- Den kongelige norske vaffelorganisasjon - manglar för tida innhald pga. matpause
- Waffelbar.de – innhaldsrike tyske nettsidor med mykje vaffelhistorie
- «Waffle» på Engelsk Wikipedia