Unitarforbundet Bét Dávid (Den norske unitarkirke)

Frå Alnakka.net
Kristendom
Ylikiiminki Church, Finland.jpg
Skrifter
Den kristne bibelen
(GT – NT)
Merkedagar
Det kristne året
advent - jul
faste - påske
pinse - olsok
bots- og bededag
hausttakkefest
helgemesse
Livssyklus
dåp - konfirmasjon
ekteskap
død - gravferd
Bøner
«Fader vår»
nattverd
Daglegliv
søndag - sabbat
kirkje - prest
Personar
Jesus - Maria
Paulus
Inkvisisjon
inkvisisjon
Spania - Portugal
auto da fé
limpieza de sangre
Retningar
Trinitarisme:
ortodoks - katolsk
anglikansk
presbyteriansk
luthersk - baptisme
adventisme
Unitarisme og
judaiserande:

Unitarisme - szekler
norsk unitarisme
«messiansk jødedom»

Unitarforbundet Bét Dávid (Den norske unitarkirke) er kirkjesamfunnet til unitarane i Noreg. Unitarisk kristendom, òg kalla kristenunitarisme. Unitarforbundet Bét Dávid (Den norske unitarkirke) vidarefører den kristne tradisjonen som i dag lever i dei ungarske og rumenske unitarkirkjone, men legg òg vekt på å praktisere ein felles mosaisk arv. På det viset skil kirkjesamfunnet seg frå mange andre kristenunitarkirkjor. Den norske unitarkirke ligg nær opp til den unitariske szekler-sabbatarianismen og representerer truleg i dag det nærmaste ein i en kristen samanheng kjem til rekonstruksjonistisk jødedom og praksis (såkalla judaiserande kristendom). Detta kjem særleg til synes ved at ein held sjabbát frå fredag kveld til laurdag kveld og feirar han med mange element frå jødisk rituale. Mennene dekkjer haudet med ein kippá (kalott). I tillegg til dei tradisjonelle kristne høgtidene blir pesaḥ (jødisk påske), sjabungót (jødisk pinse), rosj hasjaná, jom kippúr (soningsdagen), sukkót (lauvhyttefesten), ḥanukká (lyshøgtida) og purím feira. Nærheita til jødedommen kjem av innstillinga at kristendommen må forståast gjenom eit jødisk perspektiv. Dette blir grunngjeve historisk ut frå at kristendommen har opphav i éi av fleire jødiske retningar som fanst føre romarane raserte Jerusalem i år 70 evt.

Historie

1894–1937

I 1894 etablerte unitarpresten Hans Tambs Lyche (18591898) det første unitariske tidsskriftet i Noreg, Frie ord; og året etter grunnla den norske unitarpresten og forfattaren Kristofer Janson (18411917) den første unitarkirkja i Noreg. Fram til 1900 heitte denna kirkja Broderskabets Kirke, men seinare vart ho berre omtala som Unitarisk Samfund. Fordi detta kirkjesamfunnet ikkje aksepterte Jesu guddom, nekta Stortinget i 1897 å godkjenne det som ei kristen kirkje. I staden vart det godkjent som det andre ikkje-kristne dissentarsamfunnet i Noreg. Det første ikkje-kristne dissentarsamfunnet var Det mosaiske Trossamfund i Oslo. Unitarisk Samfund var i drift fram til 1937, da unitarpastor Herman Haugerud (18641937) dødde og menigheita vart avvikla. Blant de mest kjente norske unitarane utom Unitarisk Samfund finn vi namn som Nina og Edvard Grieg. De vart kjente med unitarismen i Birmingham i England i 1888. Etter at Edvard Grieg døydde, var Nina Grieg med på å finansiere kirkjebygget til dei danske unitarane.

1995–

I 1995, om lag hundre år etter at den første unitarkirkja vart grunnlagt, atteroppstod deler av kirkjesamfunnet som småe unitargruppor i Oslo-området, og den 1. januar 2004 etablerte dessa i nær kontakt med dagens transilvanske unitarisme i Ungarn og Romania, trussamfunnet Unitarforbundet (Den norske unitarkirke). I slutten av april 2005 vart kirkja registrert hos fylkesmannen i Østfold, og samtidig innvilga Det kongelige kultur- og kyrkjedepartementet dei einerett til namnet Unitarforbundet Bét Dávid (Den norske unitarkirke), som i dag er det offisielle namnet på kirkja. Den siste tida har det utvikla seg praksis for berre å bruke namnet Den norske unitarkirke. Den 12. april 2006 vart den første nordmannen unitardøypt i ei ungarsk kristenunitarisk kirkje, og den 31. mai 2006 fekk Den norske unitarkirke godkjent bryllaupsritualet sitt og innvilga vigselsmyndigheit.

Kjeldor

Pekarar

Norsk unitarisme

Unitarisme i Norden

Internasjonal unitarisme


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon