Tustna kommune
Tustna kommune er ein tidlegare kommune på Nordmør. Tustna vart utskilt frå Edøy formannsskapsdistrikt som eige formannsskapsdistrikt den 1. januar 1874 i samband med at Gullstein kirkje vart bygd og Tustna, som inntil da hadde lege under hovudsoknet tå Edøy prestegjeld, vart utskilt som eige sokn og lagt til Halsa prestegjeld. Tustna formannsskapsdistrikt inkluderte øyane Golmøya, Tustna, Solskjelsøya, Stabblandet og vestsida av Ertvågsøya med unntak av Vinsternes. Den delen av kommunen som låg på Ertvågsøya vart lagt til Aure kommune den 1. januar 1965. Resten av Tustna kommune vart samenslegen med Aure kommune den 1. januar 2006.
Ordførarar
Periode | Namn | Parti |
---|---|---|
1. januar 1874: Tustna blir skilt ut frå Edøy formannsskapsdistrikt | ||
1874–1875 | Peder Trondsen Størseth (1828– e.1890) | |
1876–1879 | Jonas Moe Halse (1829–1899) | |
1880–1913 | Gjermund Trondsen Øvrevik (1844–1920) | |
1914–1919 | Ole P. Guldsten | |
1920–1923, 1926–1934 | Martinus P. Jørgenvåg | |
1923–1925 | Sivert Madsen Follestad | |
1935–1942 | Edvard Øvrevik (1880–1971) | |
1943–1945 | Peder M. Jørgenvåg | |
1945–1947 | Johannes H. Nordheim (1886–1955) | |
1948–1951 | Thorstein Hamnes (1898–1951) | |
1951 | Peder J. Tømmervåg | |
1952–1959, 1966–1967 | Johan D. Tømmervåg | |
1960–1963 | Martin Sæterøy | |
1964–1966 | Trygve Høvik | |
1968–1971 | Magnar Guldstein | |
1972–1979 | Martinus P. Jørgenvåg | |
1980–1983 | Gjermund E. Øvrevik | |
1984–1987 | Nils Hamnes | |
1988– | Jon P. Soleim | |
1992–1993 | Hallvard Husby | |
1994–1999 | Daniel Golmen | |
1999–2003 | Hans Lauritzen | Ap |
2003–2005 | Ingunn Oldervik Golmen | Felleslista for V, Sp, H og KrF |
1. januar 2006: Tustna kommune blir samanslegen med Aure kommune. |
Kjeldor
Tustna kommune 100 år 1874–1974. [Tustna] : Tustna formannskap, 1974.
Heimelsfolk
- Arnstein Brevik