Tseine ureine

Frå Alnakka.net
Tittelblad frå utgåve trykt i Jozefów i 1865.
Foto:Olve Utne

Tseine ureine (jid.) eller Tseino ureeino (Mal:Asjk.he.) (av hebr. צאנה וראינה), nån gonger kalla Kvinnebibelen, er eit jiddischspråklig bokverk frå 1616 som er inndelt etter dei parasjijjót (vekkoavsnitta) av Torá og Haftará som blir bruka i rabbinsk-jødiske gudstjenestor. Boka sett ihop bibeltekstar med ymse lærdom frå Den muntlige Toráen, inkludert talmudisk aggadá og medrásj. Tseine ureine vart skreve av rebbí Jangakób ben Jiṣ’ḥák Asjkenazí (15501625) frå Janowa ved Lublin i Polen).

Namnet er utleda frå eit vers i Sjir hasjirím (Høgsongen) som begynner med Tseino ureeino b’nois Tsijjoin (Mal:Sef.he.: Ṣéna ur’éna, benót Ṣijjón, det vil seie ‘Gå ut og sjå, di døtrer av Ṣijjón’). Dét viser tydelig at boka var skreven for kvinnor, som på den tida og staden generelt kunne mykje mindre av det liturgiske språket hebraisk. Tittelbladet av Basel-utgåva frå 1622 viser til at kjeldone inkluderer Rasjí (1040–1105) og eksegesone av 1200-talsforfattaren Bahya ben Asher ben Halawa, så vel som talmudiske kjeldor.[1]

Sol Liptzin skildrar Tseine ureine som “ei fascinerande, didaktisk bok som greidde å vinne aksept frå dei strenge moralske ledarane av austeuropeisk jødedom, og samtidig å vara med kvinnone som yndlingsteksten deras både som litteratur og som andaktsbok frå barndom til alderdom.[2]

Utdrag frå Parasjàt Aḥaré. Språket er utprega polsk jiddisch, noko vi blant anna ser ved at fonemet /i/ ofte er attgjeve med וּ. Dét viser at [u] og [i] har falle ihop i [i].

Sidan målgruppa för verket er kvinnor, legg boka særlig vekt på dei bibelske matriarkane, dei ymse kjærligheitshistorione som finst i Tenákh og berginga av Mosjé rabbénu (Moses) av Parngó (Farao) si dotter. Sjølv om det finst rikelig livlige skildringar av Gan Ngeden (paradis) og gehinnám (helvete) der, så er hovudbodskapen at den rette vegen er å tjene Gud frivillig og heilhjarta heller enn ut frå håp om løn eller frykt för straff. Det blir lagt vekt på godheit og almissor òg.

Fotnotar

  1. Liptzin, s. 10–11.
  2. Omsett tekst. Originalteksten er: “a fascinating, didactic book which could win the approbation of the strict moral leaders of Eastern European Jewry, and at the same time accompany women as their favorite literary and devotional text from girlhood to old age. For generations there was hardly a Yiddish home that did not possess a copy.” Liptzin, s. 11.

Kjeldor

  • Liptzin, Sol: A History of Yiddish Literature. Midle Village, NY : Jonathan David Publishers, 1972. ISBN 0-8246-0124-6.


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Tseno Ureno from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.