Trine Skei Grande
Frå Alnakka.net
Trine Skei Grande (f. 2. oktober 1969 i Overhalla i Namdalen) er ein norsk politikar og ledar av Venstre sidan 2010. I perioden 2005–09 var ho medlem av Stortingets familie- og kulturkomité. Grande var toppkandidat för Venstre i Oslo ved stortingsvalet i 2009.
Grande var medlem av Nord-Trøndelag fylkesting 1991–95, og ho har vore lærar og førelesar i sosialfag ved Høgskulen i Nord-Trøndelag på Levanger. Ho var informasjonssekretær i Norsk Studentunion 1994–1995, generalsekretær i Noregs Bygdeungdomslag 1995–1997 og generalsekretær i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar 1997–1999.
Ho var medlem av Sentralstyret i Venstre 1990–2000 og 1. nestledar frå 2000. Grande var parlamentarisk ledar för Venstre 2001–2005.
- 2001–2005 var ho fast møtande vararepresentant medan Odd Einar Dørum var medlem av regjeringa.
- 2005–2009 var ho fast representant på Stortinget för Venstre i Oslo.
Stortingskomitéar
- 2005–2009 medlem i Familie- og kulturkomitéen.
- 2005–2009 medlem i Valkomitéen.
- 2005–2009 medlem i Fullmaktskomitéen.
- 2001–2005 medlem i Kirkje-, utdanings- og forskningskomitéen.
- 2001–2005 medlem i Den utvida utanrikskomitéen.
- 2001–2005 medlem i Valkomitéen.
Pekarar
![]() |
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Trine Skei Grande» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida. |