Tribunal del Santo Oficio de la Inquisición

Frå Alnakka.net
Seglet til Den spanske inkvisisjonen.

El Tribunal del Santo Oficio de la Inquisición, oftast kalla Den spanske inkvisisjonen på norsk, var eit tribunal som vart etablert søndag den 1. november 1478 av regentparet Fernando II de Aragón og Isabel I de Castilla. Målet var å konservere og styrke katolsk ortodoksi i rika deras, som omfatta Kastilja, Aragón og Kongedømmet Sicilia, og å erstatte Den pavelige inkvisisjonen. Alt dei første åra låg hovudfokuset på å slå ner på avvik frå katolsk ortodoksi blant jødiske og muslimske konvertittar til kristendommen. Det fokuset vart intensivert etter dei kongelege dekreta som påbaud at alle jødar (i 1492) og muslimar (i 1503) skulle konvertere eller flytte utur landet. På grunn av ofullstendig dokumentasjon veit vi ikkje nøyaktig kor mange som vart ramma av Den spanske inkvisisjonen, men tilgjengelege data tyder på at så mange som kring 150 000 vart ramma berre i tida 1560–1700; at eigedommar og lausøre tilsvarande mange millionar gulldukatar vart konfiskert, og at tusenvis av menneske vart avretta. Den spanske inkvisisjonen var direkte underlagt det spanske kongehuset. Han var aktiv over store deler av verda fram til sist på 1700-talet, og inkvisisjonen vart først formelt og endeleg nerlagt fredag den 15. juli 1831.

Isabel I de Castilla
Bøn for ofra for inkvisisjonen frå ritualet for ngereb kippúr frå ei portugisarjødisk rezabok frå 1810. Bøna er på hebraisk med innslag av portugisisk.


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon