Torálesing

Frå Alnakka.net
Ein open torárull på sjulḥánen (lesebordet).
Foto:Grzegorz Niewiadomski

Torálesing (hebraisk קְרִיאַת תּוֹרָה qərī’at tōrā el. קִרְיַת תּוֹרָה qirjat tōrā) er ein term for offentlig resitasjon av Toráen (Mosebøkene) i esnogaen.

Ein del av Toráen, ein parasjá, blir lesen kvar vekka. Det er 54 olike parasjijjót (eintal: parasjá), éin for kvar av dei 54 vekkone i jødiske skottår. I kortare år, som berre har 50 vekkor, slær ein ihop nån av dei kortare parasjijjót.

Ngalijjá

Det å bli kalla opp for lesinga av eit avsnitt frå Toráen blir kalla ein ngalijjá. Dette ærerike oppdraget blir delt mellom fleire menneske. På vanlege kvardagar med torálesing, det vil seie måndagar (eller evt. tisdagar i spesielle fall) og torsdagar, har ein tre ngalijjót. Det første ngalijjáen blir allveg gjeven til ein kohén om nån slik er til stades; den andre blir gjeven til ein levitt; og den tredje blir allveg gjeven til ein «jisraél», det vil seie ein jøde som verken er kohén eller levitt. På høgtidsdagar er det fleire ngalijjót, og på sjabbát er det heile sju av dem. Alle ngalijjót etter dei tre første blir normalt gjevne til «jisraél». Dei som feirar ei stor hending i livet sitt, som bryllaup eller barnefødsel, blir gjerne kalla opp for ein ngalijjá.

Bangal koré

I riktig gammel tid var det skikken dei fleste plassane at alle som vart kalla opp til ein ngalijjá las bolken sjølv. Den skikken finst enda i somme tradisjonar, men dei fleste plassane er det no slik at det finst ein eigen bangal koré som les alle bolkane, medan dei som har ngalijjá følgjer med i teksten og les signingane före og etter. I egalitære synagogar er det òg vanleg å ha ei bangalat koré — ein kvinnelig lesar.

Bar miṣvá

Den første lesinga frå Toráen er ei viktig hending i livet til ein jødisk gut og blir feira som bar miṣvá. I egalitær jødedom (f.eks. konservativ jødedom, rekonstruksjonistisk jødedom og reformjødedom) blir bat miṣvá-feiringa for jentor oftast markert på samma viset.

Bat miṣvá

Simḥàt Torá

På festdagen simḥàt Torá les ein den siste delen av Toráen og fortsett vidare til det første avsnittet av begynnelsen, for å vise at Toráen er ein slutta sirkel som ikkje tek slutt. Den dagen fell på den 23. tisjré, om lag tre vekkor etter den jødiske nyårsfeiringa rosj hasjaná.

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Torálesing» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.