Tisjré
Frå Alnakka.net
det jødiske året |
1 nisán 2 ijjár 3 siván 4 tammúz 5 ab 6 elúl 7 tisjré 8 marḥesjván 9 kislév 10 tebét 11 sjebát 12 adár |
juliansk gregoriansk muslimsk bahá’í |
Tisjré el. tisjrí (hebraisk תשרי [tišrē] el. [tišrī]), i bibelsk tid kjent som jeraḥ haetaním, er den sjuande månaden i det jødiske året og varar i 30 dagar frå nymåne i september eller tidleg oktober. Jødiske helgdagar i månaden tisjré er:
- 1.–2. tisjré: rosj hasjaná eller jødisk nyår.
- 10. tisjré: kippúr eller soningsdagen.
- 15.–21. tisjré: sukkót eller lauvhyttefesten.
- 22.(–23.) tisjré: sjeminí ngaṣéret og simḥàt Torá