Tisjngá beáb

Frå Alnakka.net
Den romerske plyndringa av Jerusalem i år 70. Relieff frå TitusboganForum Romanum i Roma.

Tisjngá beáb (hebr. ט’ בְּאָב el. תִּשְׁעָה בְּאָב [tiš'ʕā bə'āb]) eller 9. ab, òg kalla tanganít ab (‘ab-fasta’) og el ayuno negro (sp., ‘den svarte fasta’), er ein sørgje- og fastedag til minne om Tempelets fall i 587 fvt. og 70 evt. I tillegg fann mange andre tragiske hendelsar i jødisk historie stad på eller nærme denne datoen, inkludert utvisinga av jødane frå Spania i 1492. Denne utvisinga skjedde forøvrig samtidig med at Christophorus Columbus la ut frå Spania med dei tre skipa sine, visstnok for å prøve å finne sjøvegen til Kina. Dagen blir markert i rabbinsk jødedom med spesielle gudstjenestor og med full faste frå solnedgang på tisjngá beáb-aftanen til etter solnedgang ved slutten av tisjngá beáb-dagen.

Jødane vart utvist frå Castilla med siste frist tisdagen den 31. juli 1492, eller ngereb 8. ab 5252 AM.

Kossen blir tisjngá beáb markert?

Faste

På tisjngá beáb, eller el ayuno negro (‘den svarte fasta’), skal ein faste heile døgnet, frå solnedgang dagen føre til det mørknar når sjølve dagen er ferdig. Den einaste andre dagen ein fastar frå solnergang til solnergang er på kippúr (el ayuno blanco). I tillegg til at ein ikkje et eller drikk noko som helst (om ein ikkje har helseproblem som gjer full faste spesielt skadelig), skal ein ikkje bruke lêrsko.

Unngå pynt og onødig vask

Ein skal ikkje vaske seg, anna enn fingertuppane når ein står opp — og sjølvsagt etter toalettbesøk. Mange seier at dette gjeld inntil midt på dagen neste dag, fördi Tempelet brann enno på 10. ab.

Unngå sosial omgang og underhaldning

Ein helsar ikkje på kvarandre anna enn ved den tradisjonelle helsinga: «MORIR HABEMOS.» Ein har ikkje ekteskapeleg omgang; ein går ikkje på spasérturar; og ein studerer ikkje Torá, med unntak av Ekhá (klagesongen), Ijjób (Jobs bok), visse deler av Jirmejáhu (Jeremia) og visse deler av Talmúd og medrásj som har med sorg og med øydelegginga av Templa å gjera.

Unngå vanleg arbeid

Tisjngá beáb er ikkje ein helgedag, og vanleg arbeid og tenning og sløkking av lys er tillate. Ein skal likevel helst unngå vanleg arbeid føre middag på 9. ab.

I esnogaen

Esnogarommet (synagogerommet) og rituala understrekar tydeleg sorga over både Første og Andre Tempelets fall og dei andre katastrofane som har ramma det jødiske folket på og ved denne datoen, inkludert utvisinga av sefardím frå Spania i 1492:

På alle andre dagar i året er det ikkje parókhet (forheng) framfor Hekhál (arka, toráskåpet) i vesteuropeiske sefardiske esnogas, men på 9. ab heng ein eit svart klede utapå Hekhál. (Asjkenazím, som vanlegvis har parókhet framfor sin arón hakkódesj (ark), tek parókheten ner på 9. ab.) Ein tenner ikkje dei vanlege lysa i esnogaen, men brukar gjerne kvarsitt lys (vokslys, evt. lommelykt) for å sjå å lesa. Ein sitt ikkje på den vanlege plassen sin, men enten på ein annan benk (portugisarjødar) eller på golvet (asjkenazím og mizraḥím). Ein står ikkje på tebáen (almemmáren, bimen, plattforma der ein vanlegvis står og les), men har i staden eit enkelt bord med svart duk oppsett framfor tebáen. Torárullane er òg kledd i svart denne dagen, og sølvbjellone er erstatta med trebjellor eller svarte posar. Når ein les frå Ekhá (Klagesongen), så les ein gjerne med feil vektlegging av orda for å understreke enda meir den ovanleg tunge stemninga.

Kva dagar fell tisjngá beáb på?


Tisjngá beáb og sjabbát

Om tisjngá beáb fell på sjabbát, utsett ein fasta til laurdagskvelden etter at sjabbát er over, og ein fastar laurdagskvelden og søndagen i staden.

Sjå òg

Pekarar

Primærkjeldor

Andre pekarar