Thomas Tellefsen

Frå Alnakka.net
Thomas Dyke Acland Tellefsen (1823–1874). Bilde frå 1855.

Thomas Tellefsen (18231874) var ein pianist og komponist frå Trondheim som blant anna er kjent for å ha skreve de to første bevarte pianokonsertane i den norske musikkhistoria.

Thomas Dyke Acland Tellefsen vart fødd den 26. november 1823 i Trondheim. Han studerte med far sin, organisten Johan Christian Tellefsen og med Ole Andreas Lindeman. Thomas gav den første offentlige konserten sin i heimbyen våren 1842. Året etter reiste han til Paris, der han vart elev av Charlotte Thygeson, og seinare Friedrich Kalkbrenner. I åra 1844 til 1847 vart han periodisk undervist av Frédéric Chopin, som vart hans personlige ven òg. Chopin hadde stor påverkning på musikkstilen til Tellefsen.

Etter ein svært vellykka debut i Paris i 1851, vart Tellefsen snart sett på som ein av de største pianistane i si tid. Særlig vart han sett på som ein dyktig tolkar av musikken til Chopin. Da Chopin dødde i 1849, tok Tellefsen over nokre av elevane hans, inkludert Jane Stirling. I 1850- og 1860-åra gjorde Tellefsen stor suksess, og han var blant anna på fleire turnéar i England, Sverige og Norge. Tellefsen dødde i Paris tisdag den 6. oktober 1874 og er gravlagt ved Cimetière d´Auteuil.

Komposisjonar med opusnummer

  • Op. 1, Quatre Mazurkas
    (Nr. 1 i A-dur; Nr. 2 i a-moll; Nr. 3 i e-moll; Nr. 4 i A-dur)
  • Op. 2, Nocturne
  • Op. 3, Quatre Mazurkas
  • Op. 4, Ave Maria
  • Op. 5, Valses brillantes
    (I Première; II Deuxième; III Troisième)
  • Op. 6, Tarantella
  • Op. 7, Elegie
  • Op. 8, Concerto pour Piano avec Orchestre
  • Op. 9, Huldredandsen
  • Op. 10, Adagio et Rondo
  • Op. 11, 2e Nocturne
  • Op. 12, Theme original et Fantaisie
  • Op. 13, Sonate
    (I Allegro; II Adagio; III Vivace)
  • Op. 14, 6 Mazurkas
    (Nr. 1 i d-moll; Nr. 2 i G-dur; Nr. 3 i f-moll; Nr. 4 i F-dur; Nr. 5 i D-dur; Nr. 6 i c-moll)
  • Op. 15, 2e Concerto pour Piano avec Orchestre
  • Op. 16, Feuillets d’Album
    (I Allegro moderato; II Lento; III Marche funèbre)
  • Op. 17, 3e Nocturne
  • Op. 18, Grande Polonaise
  • Op. 19, Sonate for piano og fiolin
    (I Allegro moderato; II Adagio con molto espressione; III Scherzo. Presto; IV Finale. Allegro vivace.)
  • Op. 20, Allegretto
  • Op. 21, Sonate for Piano et Violoncelle
    (I Allegro; II Allegretto; III Finale. Allegro.)
  • Op. 22, Toccata
  • Op. 23, La petite mendiante
  • Op. 24, Grande Mazurka
  • Op. 25, Grande Etude
  • Op. 26, Bruraslaatten
  • Op. 27, Valse
  • Op. 28, Ballade
  • Op. 29, Marche triomphale
  • Op. 30, 5e Grande Valse. 6e Grande Valse
    (Nr. 1 i F-dur; Nr. 2 i f-moll)
  • Op. 31, Trio pour Piano, Violon et Violoncelle
    (I Allegro maestoso; II Scherzo. Moderato; III Adagio; IV Finale. Allegro)
  • Op. 32
    (Nr. 1 Berceuse pour Piano et Violon (ou Violoncelle); Nr. 2 Joyeux Refrain; Nr. 3 Dans la Vallée, Idylle)
  • Op. 33, Mazurka (Polsk dans)
  • Op. 34, Au travers d’un Songe
  • Op. 35, Air de Ballet pour Violoncelle
  • Op. 36, Capriccio appasionato
  • Op. 37, Sonate pour piano et violin
  • Op. 38, Impromptu pour Piano
  • Op. 39, 4eme Nocturne
  • Op. 40, Walhallafesten
  • Op. 41, Sonate pur deux Pianos
  • Op. 42, Melodies écossaises arr. pour Piano
  • Op. 43, Exercise en sixtes
  • Op. 44, Pavane de la Reine Elisabeth

Litteratur

  • Dalaker, Ingrid Loe (2005): Thomas Tellefsen i norsk og fransk musikkultur. Doktoravhandling ved NTNU.
  • Huldt-Nystrøm, Hampus (1959): Thomas Dyke Acland Tellefsen.

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Thomas Tellefsen» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.