Thomas Augustine Arne

Frå Alnakka.net
Thomas Augustine Arne (17101778)

Thomas Augustine Arne (mars 17105. mars 1778) var ein engelsk komponist som er mest kjent for den populære patriotiske songen «Rule, Britannia!» som framleis blir mykje framført — blant anna under Last Night of the Proms. Arne er òg kjent for å ha sett musikk til mange songar frå skodespela ått William Shakespeare.

Thomas Augustine Arne vart fødd i mars 1710 i Covent Garden i London i ein familie som hadde slege seg opp i møbeltrekkingsbransjen. Han fikk utdaninga si ved Eton College og var interessert i musikk frå tidleg i ungdomsåra. Eit tilfeldig møte med Michael Festing gav honom rikelig anledning til å pleie musikkinteressa si, men far hans ville likevel at sonen skulle bli jurist.

Søster hans Thomas, Susannah Maria Arne, var ein kjent altsongar og var med på framføringane av nokre av verka hans, inkludert oppføringa av den første operaen hans, Rosamund, i 1733. Ho hadde lært å synge av bror sin og hadde opptrådd første gong med honom i 1732 samen med Richard, bror deras. I 1736 gifta Thomas Arne seg med ei anna songarinne, Cecilia Young (søster ått Isabella Young, som vart gift med komponisten John Frederick Lampe). Arnes operaer og maskeradar vart veldig populære, og han fikk patronasje av kronprins Frederick. I heimen ått kronprinsen, Cliveden, vart Masque of Alfred, som inneheldt songen «Rule, Britannia!» uroppført.

I 1750, etter ein krangel med David Garrick, slutta Susannah ved Drury Lane og begynte ved Covent Garden Theatre i staden, og bror hennar følgte etter. I 1755 separerte han seg frå kona si, som han hevda var mentalt sjuk. I mellomtida hadde han teke opp eit forhold med ein av elevane sine, ei Miss Brent, som var med på oppføringane av nokre av verka hans. Ho gifta seg seinare med ein fiolinist. I 1777, kort tid føre han dødde, försona han og kona seg. De hadde ein son, Michael Arne.

Sjå òg


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Thomas Arne from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.