Tenákh

Frå Alnakka.net
Ei side frå Tenákh med hebraisk original og araméisk targúm (omsetting). Handskrift frå Kurdistan frå 1. halvdelen av 1000-talet evt.

Tenákh eller Tanákh er det vanlegaste jødiske namnet på den hebraiske Bibelen, som i hovudtrekk svarar til det kristne «Gamle testamentet». Sjølve namnet Tenákh er ei vokalisering av forkortinga TN"K (hebr. תנ”ך), som i sin tur står for «ToráNebiímKetubím» — det vil seie ‘Loven–Profetane–Skriftene’. Denne tredelinga er kjent frå tida at det andre tempelet i Jerusalem stod, men på den tida vart elles berre namnet Mikrá bruka — eit namn som stadig blir bruka jamsides med Tenákh.

Bøkerne i Tenákh

Etter jødisk tradisjon inneheld Tenákh 24 bøker. Desse bøkerne svarar til dei 39 bøkerne i det protestantiske «gamle testamentet», i og med at Sefer Sjemuél (1.–2 samuelsbok), Sefer Melakhím (1.–2 kongebok), Dibré hajjamím (1.–2. krønikebok), Ngezrá-Neḥemjá (Ezras bok, Nehemias bok) og Teré ngazár (dei tolv mindre profetane) blir rekna som berre éi bok kvar i jødisk tradisjon. Bokrekkjefølgja er olik i jødiske og kristne (inkludert protestantiske) tradisjonar.

Torá

Sefer Beresjít (1. mosebok)

Sefer Sjemót (2. mosebok)

Sefer Vajjikrá (3. mosebok)

Sefer Bammidbár (4. mosebok)

Sefer Debarím (5. mosebok)

Nebiím (profetane)

Sefer Jehosjúang (Josvas bok)

Sefer Sjofetím (Dommarboka)

Sefer Sjemuél (1.–2. samuelsbok)

Sefer Melakhím (1.–2. kongebok)

Sefer Jesjang’já (Jesajas bok)

Sefer Jirmejá (Jeremias bok)

Sefer Jeḥezkél (Ezekiels bok)

Teré ngasár nebiím (De tolv mindre profetane)

Ketubím

Eit oppslag frå Mikraót gedolót — ei utgåve av éi eller fleire bøker av Tenákh i hebraisk original og arameisk targúm (omsetting) sentralt på sidone og med rabbinske kommentarar kring.


Tenákh

Torá
(Loven eller
Mosebøkerne)

  1. Beresjít (Genesis, 1. mosebok)
    Beresjít (1:1—6:8) · Nóaḥ (6:9—11:32) · Lekh lekhá (12:1—17:27) · Vajjéra (18:1—22:24) · Ḥajjé Sará (23:1—25:18) · Toledót (25:19—28:9) · Vajjeṣé (28:10—32:3) · Vajjisjláḥ (32:4—36:43) · Vajjésjeb (37:1—40:23) · Mikkéṣ (41:1—44:17) · Vajjiggásj (44:18—47:27) · Vajḥí (47:28—50:26)
  2. Sjemót (Exodus, 2. mosebok)
    Sjemót (1:1—6:1) · Vaerá (6:2—9:35) · Bo (10:1—13:16) · Besjalláḥ (13:17—17:16) · Jitró (18:1—20:26) · Misjpatím (21:1—24:18) · Terumá (25:1—27:19) · Teṣavvé (27:20—30:10) · Tissá (30:11—34:35) · Vajjak’hél (35:1—38:20) · Pekudé (38:21—40:38)
  3. Vajjikrá (Leviticus, 3. mosebok)
    Vajjikrá (1:1—5:26) · Ṣáv (6:1—8:36) · Sjeminí (9:1—11:47) · Tazríang (12:1—13:59) · Meṣoráng (14:1—15:33) · Aḥaré mót (16:1—18:30) · Kedosjím (19:1—20:27) · Emór (21:1—24:23) · Behár (25:1—26:2) · Beḥukkotái (26:3—27:34)
  4. Bammidbár (Numeri, 4. mosebok)
    Bemidbár (1:1—4:20) · Nasó (4:21—7:89) · Behangalotekhá (8:1—12:16) · Sjelaḥ-lekhá (13:1—15:41) · Kóraḥ (16:1—18:32) · Ḥukkàt (19:1—22:1) · Balák (22:2—25:9) · Pineḥás (25:10—30:1) · Mattót (30:2—32:42) · Mas’ngé (33:1—37:13)
  5. Debarím (Deuteronomium, 5. mosebok)
    Debarím (1:1—3:22) · Váet’ḥannán (3:23—7:11) · Ngékeb (7:12—11:25) · Reé (11:26—16:17) · Sjofetím (16:18—21:9) · Teṣé (21:10—25:19) · Tabó (26:1—29:8) · Niṣṣabím (29:9—30:20) · Vajjélekh (31:1—31:30) · Haazínu (32:1—32:52) · Vezót habberakhá (33:1—34:12)

Nebiím
(Profetane)

Ketubím
(Skriftene)

(sjå òg Dei apokryfe skriftene)