Tebá
Tebá (hebr. תֵּבָה el. תֵּיבָה [tē'bā]) er det hovudsakleg sefardiske og italkiske namnet på plattforma i esnogaen der det er ein lesepult der torálesinga og (særlig i sefardisk jødedom) förrettinga av gudstjenestone går for seg.
Andre namn
Bima
Asjkenazím, særlig frå Russland, kallar tebáen bima.
Almemmar, Balemmer
Asjkenazím frå Tyskland og Polen seier gjerne almemmar eller balemmer.
Plassering
Attast i rommet
I tradisjonelle sefardiske, provençalske, italkiske og romaniotiske synagogar er tebáen vanlegvis plassert nærme atterenden av esnogarommet.
Midt i rommet
I tradisjonelle asjkenaziske og mange mizraḥiske esnogas er tebáen gjerne plassert nærme midten av esnogarommet.
Nærme Hekhál
I asjkenaziske ikkje-ortodokse synagogar, særlig i Nord-Amerika, er tebáen gjerne ihopslegen med dukhán-området fremst i synagogerommet, nærme Hekhál.
Andre tydingar av ordet tebá
- I talmudisk hebraisk blir ordet tebá bruka for Hekhál (arka, toráskåpet).
- Tebá kan òg bli bruka i tydinga ‘ark’, som i Nóaḥs ark.
Jødiske symbol | |
|