Talmúd bablí

Frå Alnakka.net
Side 28b av Massékhet Tanganít i ei trykt utgåve av Talmúd bablí frå Polen.

Talmúd bablí eller Talmúd bavlí, òg kalla Den babylonske Talmúd, Bavli eller rett og slett Talmúd, er eit kommentarverk til Misjná som vart redigert i det novarande Irak kring år 550, men utvida vidare fram til kring 700. Talmúd bablí spreidde seg fort i mizraḥiske, sefardiske og asjkenaziske kretsar, og frå 1000-talet vart Talmúd bablí sett på som den normative kjelda til den muntlege Toráen i de fleste retningane av jødedommen.

Innhald

I motsetning til Talmúd jerusjalmí, så inneheld ikkje Talmúd bablí kommentarar til Seder Zerangím (landbrukslovane) anna enn til den eine massékheten (traktaten) Berakhót, som handlar om bøner og velsigningar. Dette kjem av at det eksiljødiske samfunnet i Irak var mykje meir urbant orientert enn det på den tida framleis eksisterande landbrukssamfunnet i Israel.

To sedarím som derimot blir inngåande behandla i Talmúd bablí er Seder Tahorót og Seder Kodasjím. Begge desse skildrar ting som først og fremst har med Tempelet i Jerusalem å gjera — eit emne som ikkje var så aktuelt lenger i det krigsherja landbrukssamfunnet i Israel etter at Tempelet fall i år 70 evt., men som urbane jødar i det på den tida mykje fredelegare og meir velståande Irak kunne ta seg tida til å sysle med.

Språk

Talmúd bablí er i hovudsak skreven på austarameisk med innslag av hebraisk.


Talmúd · תַּלְמוּד
(Misjná · Jerusjalmí · Bablí · Toseftá)

Seder Zerangím (frø):

Berakhót · Peá · Demái · Kilájim · Sjebingít · Terumót · Mangasrót · Mangasér sjení · Ḥallá · Ngorlá · Bikkurím ·

Seder Mongéd (høgtid):

Sjabbát · Ngerubín · Pesaḥím · Sjekalím · Jomá · Sukká · Beṣá (Jom tób) · Rosj hasjaná · Tanganít · Megillá · Mongéd katán · Ḥagigá ·

Seder Nasjím (kvinnor):

Jebamót · Ketubbót · Nedarím · Nazír · Sotá · Gittín · Kiddusjín ·

Seder Nezikín (skadar):

Babá kammá · Babá meṣingá · Babá batrá · Sanhedrín · Makkót · Sjebungót · Ngedujjót · Ngabodá zará · Abót · Horajót

(Berre i Talmúd bablí:  

Abót derebbí Natán · Soferím · Ébel rabbatí · Kallá · Derekh ereṣ rabbá · Derekh ereṣ zutá · Perek hasjalóm)

Seder Kódasjím (helige ting):

Zebaḥím · Menaḥót · Ḥullín · Bekhorót · Ngarakhín · Temurá · Keritót · Mengilá · Tamíd · Middót · Kinním ·

Seder Tahorót (reinheit):

Kelím · Ohalót · Negangím · Pará · Tàharót · Mikvót (Mikva’ót) · Niddá · Makhsjirín · Zabím · Tebul-jóm · Jadájim · Ngokaṣín