Synagogen i Lübeck
Synagogen i Lübeck ligg i St.-Annen-Straße 13 i Lübecker Altstadt, mellom den evangelisk-lutherske Aegidienkirche og St.-Annen-Kloster, som i dag er bymuseum. Den opprinnelig nymauriske synagogen med kuppel vart ferdigbygd i 1880, medan Salomon Carlebach (1845–1919) var overrabbinar der. Etterfølgjaren hans i stillinga var sonen hans, Joseph Carlebach (1883–1942). Siste menigheitsrabbinaren der (1921–1938) var David Alexander Winter (1878–1953).
Under krystallnatta natt til 10. november 1938 öydela de nazistiske pøblane synagogen innvendig. Etter omfattande ombygging (1939–1941) da nazistane blant anna fjerna kuppelen og andre nymauriske trekk og jødiske symbol, står bygninga no fram som ei vanleg teglsteinshus utvendig, anna enn at det i dag finst eit hebraisk sitat frå Tehillím (Davidssalmane) 67:5 der: “Jodúkha, ADONÁI, hangammím” (‘Takkar Deg, ADONÁI, gjer folka’). Innerrommet har vorte restaurert til slik det såg ut före krystallnatta så langt det var mulig. Den 25. mars 1994 vart synagogen forsøkt påtent med ein molotovcocktail — det første brannstiftingsåtaket mot ein synagoge i Tyskland sidan krystallnatta i 1938.
Sidan 1. januar 2005 har Jüdische Gemeinde Lübeck e.V. vore ei sjølvstendig menigheit som er tilslutta Jüdische Gemeinschaft Schleswig-Holstein K.d.ö.R. - Landesverband der Jüdischen Gemeinden Lübeck, Kiel und Region sowie Flensburg. Sidan den 20. november 2005 har detta Landesverbandet vore tilslutta Zentralrat der Juden in Deutschland.
Litteratur
- Guttkuhn, Peter: Als eine Welt zerbrach. Erinnerungen an die "Reichskristallnacht" in Lübeck, i Lübecker Nachrichten, Sonntagmorgen. Lübeck, 6. november 1988.
- Guttkuhn, Peter: «Lübecks jüdische Gemeinde gewinnt einen Rechtsstreit : Intoleranz ‘Im Weinrancken’», i Schleswig-Holsteinische Anzeigen 1996, s. 98–100, Mal:ISSN
- Guttkuhn, Peter: Hansestadt Lübeck. 125 Jahre Synagoge. Lübeck 2005, ISBN 978-3-7950-4818-1.
- Guttkuhn, Peter: «Bei Kaiserwetter wurde die Synagoge eingeweiht», i Lübeckische Blätter, 2005, Heft 11, s. 157–162, Mal:ISSN
- Schreiber, Albrecht: Wegweiser durch die Geschichte der Juden in Moisling und Lübeck Lübecker Nachrichten GmbH, Lübeck 1984
Denna artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Synagoge (Lübeck)» frå Tysk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |