Svalgangsbryggje
Frå Alnakka.net
Ei svalgangsbryggje er ei bryggje (sjøhus, sjøbu) der enten eine langsida, som ofte vender mot sør (eller unna vêret), eller nedste etasjen på sjøsida (somme gonger begge) har ein open svalgang som bl.a. fungerer som lufte- og tørkeplass for børnskap og anna. Den største konsentrasjonen av attvarande svalgangsbryggjor er på Nordre Nordmør, og da særleg innafor Aure og Heim kommunar.