Straumbåt

Frå Alnakka.net
Straumbåt i Saltstraumen Museum.
Foto:Olve Utne

Ein straumbåt (lokal uttale: ["strøʊmˌbɔ.t]) er ein lokal variant av saltværingsbåten. Straumbåtane, som normalt har to fulle rom og eit halvrom i midten og to til tre par årar, vart tradisjonelt bygd på Evensgård og KvælRøkland i Saltdalen for bruk i den ekstreme straumen (opptil 16 knop) kring Saltstraumen i Bodø. Karakteristiske drag ved straumbåten er den grunne kjølen og relativt flatbotnaskrogforma så vel som at sjølve kjølen er kort og går over, via ein knekk, i lett skrånande understemne ved skottane. Straumbåtane har ikkje tollpinnar (som lett kan brytast av ved stor belastning), men naturleg vaksne heiltre-keipar med solide hammelband av sauma dyrehud. Resultatet er ein gruntgåande båt med breid base og lite motstand under vasslinja — ein kombinasjon som er gunstig for å komma seg fram i sterk straum, men til gjengjeld osikker når både straumen og vinden er sterk.

Straumbåten i Saltstraumen Museum sétt ovafrå.
Foto: Olve Utne

Kjeldor

Bøker

Nettsidor