Sprisegl

Frå Alnakka.net

Eit sprisegl, eldre òg sprydsegl (av Mal:Nederlandsk sprietzeil og ty. Sprietsegel), er eit firskore sneisegl som blir spent ut med ei spri som går diagonalt frå nær nerenden av mastra til seglbarmen ved hjørnet ytst på overliket på seglet. Sprisegl er vanleg på tradisjonelle båtar kring Nederlanda, England, Nord-Tyskland og det sørlege Skandinavia, gjerne i kombinasjon med fokkseglstaget og — særleg på litt større båtar — ein klyverklyverstaget som går frå mastetoppen til fremst på klyverbommen. I Norge er denne riggen tradisjonelt funne langs kysten av Austlandet og Sørlandet, og i løpet av 1800-talet etterkvart nordover til Hordaland.

Spriseglet vart truleg utvikla i det novarande Nederland i løpet av 1500-talet.