Aslaug Vaa

Frå Alnakka.net

Aslaug Vaa (18891965) var ein norsk lyrikar og dramatikar. Ho var fødd i Rauland i Vinje kommune i Telemark, søster ått bildehoggaren og målaren Dyre Vaa, gift med psykologen og filologen Ola Raknes, mor ått bildehoggaren Anne Raknes og lyrikaren Magli Elster.

Aslaug Vaa studerte fransk litteratur og kunsthistorie ved universitet i Paris og teaterhistorie ved universitetet i Berlin. Etterpå arbeidde ho ei tid som lærar og journalist. Ho debuterte som lyrikar i 1934, 45 år gammel. Den første samlinga heitte Nord i leite. Ho skreiv òg skodespel.

Ho fikk kunstnarløn frå 1955.

I 2001 framførte Odd Nordstoga og Øyonn Groven Myhren bestillingsverket Nivelkinn bygd på Aslaug Vaa sin diktsyklus med samma namnet frå Nord i leiteTelemarksfestivalen. Oppføringa vart oppteken og utgjeven på plate og vann Spellemannsprisen i 2003.

Verkliste

  • 1934 Nord i leite, lyrikksamling
  • 1935 Skuggen og strendan, lyrikksamling
  • 1936 Villarkonn, lyrikksamling
  • 1938 Steinguden, skodespel
  • 1939 På vegakanten, lyrikksamling
  • 1947 Fotefár, lyrikksamling
  • 1947 Tjugendagen, skodespel
  • 1954 Skjenkarsveinens visur, lyrikksamling
  • 1963 Bustader, lyrikksamling
  • 1964 Dikt i utval, lyrikksamling
  • 1965 Honningfuglen og leoparden, skodespel
  • 1966 Munkeklokka, skodespel
  • 1989 Dikt i samling
  • 1999 Og ordet var..., etterlatne dikt

Kjeldor

Pekarar


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon