Smøla kommune
Smøla kommune | |
---|---|
Våpen | Bilde |
[[fil:{{{bilde}}}|185px|Bilde]] | |
Grunnleggande opplysningar | |
Kommunenr: | 1573 |
Fylke: | Møre og Romsdal |
Kommunesenter: | Hopen |
Areal: | 284 km² |
Folketal: | 2 165 (2007) |
Målform: | Nøytral |
Internettside: | www.smola.kommune.no |
Smøla er ein øykommune på Nordmør og den aller nordlegaste i Møre og Romsdal fylke. Kommunen grensar til Hitra i Sør-Trøndelag fylke via Ramsøyfjorden i aust og til Aure kommune over Edøyfjorden i sør. I vest ligg fiskeværet Grip i Kristiansund kommune vestom Griphølen. Personar frå Smøla blir kalla smølværingar.
Topografi
Kommunen består tå ei stor øy (Smøla, ofte kalla Fastlandssmøla), nokre mellomstore øyar (Jøa, Rossvolløya, Kuli og Edøya) og over 5000 mindre øyar, holmar og skjer, noko som gjer at kommunen har heile ⅓ tå den totale kystlina i Møre og Romsdal fylke. Mange tå øyane der det budde folk før er fråflytta no og blir berre bruka som fritidseigedommar. Kjente eksempel inkluderer det fråflytta fiskeværet Brattværet, så vel som Hallarøya og Ringsøya.
Berggrunnen består tå sediment frå ordoviciumtida som danar ein vestleg del tå Trondheimdekket. Lagpakken inneheld Skjølberg kalksteinsformasjon, som er eit meir enn 100 meter tjukt lag tå fossilførande kalk frå tidleg til midtre ordovicium. Under kalken ligg Leirvik konglomeratformasjon, og denna att blir gjennomskoren tå kaledonske ultrabasiske til granodiorittiske intrusivar. Over kalken ligg ordoviciske basaltar.[1] Dessa bergartane har vorte gjennomsette tå ein serie med olike djupbergartar og gangbergartar. De yngste bergartane i området er devonske konglomerat på Edøya og Kuli. Den tsjekkiske geologen Ferry Fediuk har laga eit geologisk kart over Smøla. Den norske geologen Håvard Gautneb gjorde detaljerte geologiske studiar, skildra aldersrekkjefølgja tå bergartane og utførte aldersbestemmelse tå dem.[2]
Helt sør i kommunen ligg Edøya, som er knutepunkt for Kystekspressen og ferjesambandet til fastlandet. Lengst nord i kommunen ligg det kjente fiskeværet Veiholmen. Høgaste punktet på Fastlandssmøla er Nelvikberget med 63 moh. Landskapet elles er relativt flatt og nærmast prærieaktig.
Kommunesenteret er lokalisert på Hopen. Her finst rådhus, bibliotek, politi og eit handlesenter.
Kommunikasjon
Kommunen har ikkje vegsamband til fastlandet, men bruene som bind Kuli og Edøya til Fastsmøla vart sluttført i 1989. Straumen ferjekai vart da nedlagt, og Edøya ferjekai vart bygd på Edøya i samband med ferjesambandet Edøya-Sandvika, som bind Smøla samen med Tustna i Aure kommune. Heilårsdrifta for ferja vidare til Forsnes på Hitra vart nedlagt i 2007, men fortsette som sommarferje frå vekko 24 til og med vekko 33 fram til sommaren 2008.[3] I tillegg stoppar Kystekspressen, som går i rute mellom Kristiansund og Trondheim, på Edøya fleire gonger dagleg.
Det tek vel halvannan time å kjøre bil frå Smøla til Kristiansund. Kystekspressen brukar 35 minutt til Kristiansund og kring 2,5 timar til Trondheim.
Næringsverksamheit
Ein stor del tå arealet i Smøla kommune er lyng- og myrlandskap, men ein del tå detta er vorte rydda til landbruk de seinare åra, særleg til gulrotproduksjon. Kring 5 % tå arealet er i dag jordbruksareal, og denna næringa står for 12 % tå sysselsettinga. Fiskeri, fiskeoppdrett, fiskeforedling og relaterte verksamheiter utgjer kring 40 % tå den samla sysselsettinga. Tidlegare var det òg stor mekanisk produksjon på «Tallmek», som produserte lastebilplan til dumparar produserte tå «Moxy».
På vestsida tå øya har Statkraft bygd Smøla vindmøllepark.[4] Da andre byggjetrinnet vart fullført i september 2005 var dette den største vindmølleparken i Europa. De alt i alt 68 turbinane har ein planlagt årsproduksjon på 450 GWh, noko som tilsvarar normalt forbruk for 20 000 husstandar. Vindmøllene er opp til 70 meter høge og har eit vengjespenn på opp til 80 meter.
Smøla kommune er i dag ein omstillingskommune. Hovudprosjektet vart sett i verk den 1.januar 2001 for en periode på inntil 6 år. I prosjektet Omstilling Smøla skal ein søkje “handlingsretta satsing for å forsøke en intensivert og samordnet bruk av tilgjengelige virkemiddel for å gi eksisterende næringsliv drahjelp til nødvendig omstilling/utvikling og nye næringsveier/-områder.”[5]
Turisme
Hovudsesongen for turistar er juni–august, men perioden blir stadig utvida. I dag blir det drive fleire reiselivssenter på heilårsbasis. Smøla Havfiskesenter er ein tå de største aktørane på marknaden. Fleire mindre aktørar leiger ut rorbuer, og det er relativt enkelt å få leigd seg båt.
Jaktsesongen på rype er utvida på grunn tå den rike bestanden. Veiholmen er det største fiskeværet sør for Lofoten. Det historiske spelet Fru Guri av Edøy blir oppsett på Edøya kvar sommar. Her står det òg ein kopi tå Kulisteinen. Brattvær har eige sportsdykkarsenter.
Tusenårsstad
Tusenårsstaden i Smøla kommune er eit senter og eit område på Edøya. Prosjektet, som er kjent som Prosjekt 2006, er framleis i planleggingsfasen. Fornminna på tusenårsstaden har fått nye informasjonsskilt, og staden er òg ein del tå «Nordsjøløypa». Senteret skal kanskje byggjast ut til å innehalde spelplass for spelet Fru Guri av Edøy, turistinformasjon og visingssenter for vindkraft. Prosjekt 2006 er eit samarbeid mellom Smøla kommune, Møre og Romsdal fylke og Statkraft.
Kjente smølværingar
- Ingar Knudtsen, forfattar
- Gudmund Restad, tidlegare stortingsrepresentant og finansminister
- Anders Talleraas, tidlegare stortingsrepresentant
Fotnotar
- ↑ Christoffer Oftedahl: Norges geologi. 2. utg. Trondheim (Tapir), 1981. ISBN 82-519-0446-3
- ↑ Håvard Gautneb: Høy-K dioritter og assosierte bergarter på sydlige Smøla arkipel, Møre og Romsdal. Cand.scient.-oppg., Universitetet i Bergen, 1987.
- ↑ http://www.hitra.kommune.no/Modules/article.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=1439&Category.ID=659
- ↑ http://www.statkraft.no/pub/vindkraft/vindparker/Smola/index.asp
- ↑ http://www.omss.no
Pekarar
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Smøla» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. |
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Smøla» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida. |