Sjebek

Frå Alnakka.net
Algiersk «Cherbecqve» (sjebek) tekna av Christian Børs frå Bergen ut frå opplevingane hans i 1769.

Ein sjebek (gjenom eldre fransk chabec og eldre spansk xabeque frå arabisk شباك [šabbāk]) er ei relativt skarptseglande, lita til mellomstor ro- og seglskute med to eller tre mastrer, og med latinseglrigg på minst éi av dem.

Sjebekane var populære som kaperskip blant piratar frå Berberstatane kring 1600- og 1700-talet, og etterkvart vart de vanlege i fleire europeiske land òg.

Seglplan av tremastra sjebek med skærseglrigg på fremre master og to latinseglmastrer.

Pekarar