Sjabungót
Sjabungót (hebr. שָֽׁבוּעוֹת), òg kalla páscuas de las semanas (kastiljansk) eller vekkofesten, og stundom jødisk pinse, er den bibelske grødesfesten og feiringa av at Toráen vart gjeven til israelittane på Har Sinái (Sinaifjellet). Høgtida markerer slutten av sefiràt hangómer (ngómertelinga) og finn stad på den 6. siván etter den jødiske kalenderen — det vil seie kring slutten av mai eller begynnelsen av juni. I tradisjonell rabbinsk jødedom utaføre Ereṣ Jisraél blir høgtida markert i to dagar, men i Israel og blant progressive jødar blir berre den første dagen markert. Sjabungót er ein av sjalósj regalím, dei tre bibelske valfartshøgtidene.
Namnet
I Tenákh blir sjabungót kalla vekkofesten (hebr. חַג הַשָּֽׁבוּעוֹת [ḥag haššābūʕōt]), Sjemót 34:22, Debarím 16:10); skurdfesten (hebr. חַג הַקָּצִיר [ḥag haqqāṣīr]), Sjemót 23:16); og førstefruktfesten (hebr. חַג הַבִּכּוּרִים [ḥag habbikkūrīm]), Bammidbár 28:26).
I Misjná og i Talmúd blir sjabungót kalla ngaṣéret (hebr. עֲצֶֽרֶת [ʕaṣeret], ‘høgtidssamling’), sidan dette er høgtida som avsluttar høgtids- og merkedagstida som begynte med pesaḥ. På gresk, og først og fremst bruka i kristne samenhengar, finst namnet πεντηκόστη (femtiande dagen), som har vorte til pinse (med variantane pinstid og pinshelg) på norsk.
Tidspunktet
I sefer Vajjikrá 23:15–16 står det:
15 Og di skal tele frå morgondagen etter sjabbáten, frå dagen at di ber fram ngómer hattenufá; sju fulle sjabbatót skal det vara for dokker. 16 Frå og med morgondagen etter den sjuande sjabbáten skal di tele — femti dagar; og di skal bera fram eit nytt minḥá-offer til ADONÁI. |
I rabbinsk tradisjon blir talmudiske tolkinga følgt, og den første sjabbát her blir tolka som den første pesaḥ-helgedagen ut frå at denne dagen er jom tób, og dei etterfølgjande blir tolka som heile vekkor. Dermed fell sjabungót på olike vekkodagar frå år til år, men allveg på den femtiande dagen etter første dagen av pesaḥ. Dét er tradisjonen for de aller fleste jødar i dag.
I karaittisk tradisjon blir det tolka som første sjabbát (laurdag) i løpet av pesaḥ, og sjabungót fell slik eit varierande tal dagar frå første dagen av pesaḥ blant karaím, men allveg på ein søndag.
Mat
Brød og bakverk
Mange osmanske sefardím har tradisjonen å baka brød eller småkakor med symbolske former som stegar som symboliserer Mosjé som kliv opp på Har Sinái og hender som symboliserer å ta imot Toráen med opne hender. Ein del sefardím frå Marokko, Tunisia og Libya bakar siete cielos (‘sju himlar’) — ei lagkake med sju runde botnar lagt opp i kjegleform, med den vidaste botnen nedst. Somme gonger blir denne kaka dekorert med symbolske deigfigurar.
Mjølkmat
Osteborecas er populære blant mange osmanske sefardím. Det samma gjeld sutlach, eller tyrkisk rispudding.
Den mest tradisjonelle sjabungótretten blant asjkenazím i Tyskland og det nordlige Frankrike er lekkech, eller honingkake. Men lenger aust, i Polen og andre plassar, er mjølkmat, inkludert ostekake, vanlegare. Mange asjkenazím brukar òg å servere blintses, ein type pannekakor med ostfyll.
Søtsaker
Pekarar
- «Shavuot» frå bloggen til Baroness Tapuzina.
Hør Megillàt Rut
- Portugisarjødisk pekar her?
- Asjkenazisk pekar her?
This article is based entirely or in part on the article “Shavuot” from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License. |