Silderulettar
Frå Alnakka.net
Silderulettar
- etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).
Ingrediensar:
fersk sild salt, peppar, eddik, matolje laurbærblad ---- Variasjon: egg, strøkavring, smør til steiking
Framgangsmåte:
Bruk sild av middels størrelse. Vask, skrap og gjer rein silda; tak ut ryggbeinet. Dryss på litt peppar, salt, nokre dropar eddik, olje, lat stå nokre minutt. Rull fast opp frå haudet mot sporden og bind om med ein tråd Kok i kokande, salta vatn tilsett litt eddik og eit par laurbærblad. Lat småkoke i 10–15 minutt.
Variasjon:
I staden for å kokast kan rulettane vendast i egg og finstøytt kavring og steikjast brune i smør på steikjepanna.