Sigrid de Lemos (1883–1942)
Sigrid de Lemos (f. 8. mars 1883 i Kristiania; d. 1942 i Auschwitz) var språklærar i Oslo. Ho vart fødd 8. mars 1883 i Kristiania som det andre av tre born ått Rosalie de Lemos, f. Nathan (f. 1855 i Rendsburg; d. 1930 i Oslo) og Adolph de Lemos (f. 1848 i Hamburg; d. 1900 i Kristiania).
Oppveksten
I 1888, da Sigrid var i femårsalderen, flytta familien til Hamborg, der dei vart buande i ti år. I 1898, da Sigrid var i 15-årsalderen, flytta familien til Kristiania att.
Folketelinga 1900
I folketelinga 1900 er Sigrid, som er 17 år da, registrert som busett med bestemora Emilie Nathan (f. 1833) i Drammensvn. 64 i Kristiania. Emilie er oppført som enkje med formue som inntektskjelde. I tillegg bur Thora Tellefsen (f. 1857 i Telemark) der som ug[ift] tj[enestepige].[1] Litlebroren Frithjof på ni år bur med foreldra i Kronprinsens Gade 9.[2] Faren døydde seinare det året.
Folketelinga 1910
I folketelinga 1910 står ho og broren Fridthjof de Lemos oppført som fråvarande frå bustaden til mora i Kronprinsensgate 9 i Kristiania. Dei står oppført som med ombytta yrke, nemleg apothekerlærling og selskabsdame. Om vi går ut frå at truleg opphaldsstad derimot var korrekt, så var Sigrid selskapsdame i Hamborg, og Frithjof var apotekarlærling på Rena.[3]
Utdaning og arbeid
Ho tok handelsskulen, og etter det studerte ho språk i utlandet. Da ho kom tilbake til Oslo etter studia, arbeidde ho som språklærarinne i Oslo.
Deportasjon
Den 26. november 1942 vart ho arrestert fordi ho var jøde. Ho vart sendt til Rådhuskaia der ho og 528 andre norske jødar vart deportert med fangeskipet DS «Donau» til Stettin; derifrå gikk transporten vidare med tog til Auschwitz, der ho truleg vart drepen ved ankomst.
Bildegalleri
Familiebilde av Nathan-slekta frå 1897. Sigrid er nummer tre frå venstre i attaste rad. Til venstre for henne står foreldra hennar. Morfaren, Nathan Nachmann Nathan, sitt rett til venstre for henne. Rett til høgre for henne sitt mormora, Emilie f. Zadig.
Fotnotar
- ↑ Sigrid de Lemos i folketeling 1900 for Kristiania kjøpstad frå Digitalarkivet
- ↑ Frithjof de Lemos i folketeling 1900 for Kristiania kjøpstad frå Digitalarkivet
- ↑ Sigrid de Lemos i folketelinga 1910 for Kristiania kjøpstad frå Digitalarkivet
Kjeldor
- Mal:Våre falne 3
- Mendelsohn, Oskar: Jødenes historie i Norge gjennom 300 år, b. 1. Oslo (Universitetsforlaget), 1969.