Sigd (høgtid)
Video frå YouTube | ||
|
Sigd (hebraisk סיגד) er ei etiopisk-jødisk høgtid som fell på 29. marḥesjván. Sjølve ordet sigd kjem frå det semittiske språket amharisk og betyder ‘prostrasjon’. Rotbokstavane S-G-D er dei samma som i det eine av dei to etiopisk-jødiske orda for synagoge eller tempel, mesgid — jamfør det arabiske ordet masġid (el. masdjid), ‘moské’.
Sigd symboliserer godtakinga av Toráen. Nån ser sigd som eit minne om openberringane på Har Sinái (Sinaifjellet). Men kessim (eldsterådet i Beta Esrael) har òg halde på tradisjonen at høgtida oppstod ein gong på 1400-talet som resultat av forfølging frå dei kristne Amhara-kongane. Kessim trekte seg tilbake til øydemarka for å be til Gud om nåde. I tillegg arbeidde dei for einheit blant Beta Esrael-folka og for å unngå at dei skulle glømme haymanot (lovane og tradisjonane til Beta Esrael) under forfølgingane. Dei las i sefer Neḥemjá og vart inspirert av kossen Ngezrá la fram «boka med Mosjé si Lov» for israelittane etter at ho hadde gått tapt for dem under det babylonske eksilet.
Til minne om kessim sine bøner og den påfølgjande fylkinga, bruka Beta Esrael å valfarte til Midraro, Hoharoa eller Wusta Tsegai kvart år medan dei enno heldt til i Etiopia for å stadfeste kossen dei er eit religiøst samfunn.[1] Under høgtida brukar medlemmer av Beta Esrael å faste og resitere tehillím (davidssalmar). I Israel er det skikk å valfarte til Jerusjaláim (Jerusalem), der kessim (etiopiske rabbinarar) les frå Orit (Toráen). Etter sjølve ritualet avslutt{ar}} dei fasta, dansar og feirar med glede.
I februar 2008 leverte det kontroversielle knesset-medlemmet Uri Ariel eit lovforslag om å inkludere sigd blant Israels nasjonale helgdagar.[2]
Fotnotar
- ↑ Ashkenazi, Michael & and Weingrod, Alex; Ethiopian Jews and Israel. Transaction Publishers, 1987.
- ↑ «Ethiopian Jewish Sigd Festival to Become National Holiday» Israel National News, 1. februar 2008
Pekarar
- "The Jewish Agency for Israel page", a brief description of the holiday from the Department of Zionist Education
- "Ethiopian Jewish Culture", from the Israel Association for Ethiopian Jews
- "Photos of Sigd", by Danny Yanai
This article is based entirely or in part on the article “Sigd” from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License. |