Sørsamisk
Sørsamisk er eit samisk språk med tre nolevande hovuddialektar som blir snakka blant sørsamar. Det tradisjonelle utbredelsesområdet til sørsamisk er sørom Korgen i Norge og Umeälven i Sverige. Hovuddialektane av sørsamisk er vefsnsamisk (i Sverige: vilhelminasamiska), jamtlandssamisk og rørossamisk (i Sverige: härjedalssamiska eller sydlig jämtlandssamiska). Umesamisk blir òg ofte rekna til sørsamisk, men ligg med sin kombinasjon av omlyd og stadieveksling nært opp til pitesamisk. I Norge blir samiske stadnamn i det tradisjonelt umesamiske området offisielt normert til sørsamisk.
|
Historie
Grammatikk
Fonologi (lydlære)
Sørsamisk manglar, i motsetning til ume-, pite- og nordlegare samiske språk, stadieveksling, men har til gjengjeld eit rikt utbygd omlydssystem.
Vokalar
Generelt har sørsamisk eit rikt system av korte vokalar (skrevne som enkeltvokal), lange vokalar (skrevne som dobbeltvokalar) og diftongar. Skiljet mellom lang vokal og diftong er ikkje tydeleg, og lange vokalar er gjerne meir eller mindre diftongiske. Skriftspråket opererer med desse orunda vokalane:
i | e | æ | a |
ie | ee | ae | |
ea | aa |
Dei runda vokalane er:
y | u | o | å |
yö | ue | oe | åe |
öö | ua | åa | åå |
I uttalen finst det nyansar som ikkje er uttrykt i skriftspråket. For eksempel uttrykkjer grafemet (i) både lys i og mørk i, der den sistnemnte kan skrivast med tødlar: «ï». Likeleis har kort (a) både ein lys og ein mørk uttale (den sistnemnte kan spesifiserast som «â»). Lange vokalar og diftongar inkluderer dei tvetydige (ie) (meir nøyaktig «ie» vs. «ïe») og (ee) (meir nøyaktig «ee» vs. «ææ»).
I tillegg til desse vokalane og diftongane finst diftongane som skrivst som vokal + j og vokal + v. Desse diftongane er tydelege i fall som aej, der det er stor artikulatorisk avstand mellom utgangsvokal og glidevokal. I artikulatorisk meir like fall som ved o+v, u+v, y+j og i+j glid diftongen ofte ihop til éin lang vokal (f.eks. i buvrie (stabbur)).
Konsonantar
Morfologi (formlære)
Sørsamisk er eit formrikt språk. Blant anna kan nemnast at språket har åtte kasus av substantiv og pronomen; verb og pronomen blir bøygd i eintal, total og fleirtal; og verbsystemet er prega av eit stort tal systematiske aspektsuffiks.
Pronomen
Substantiv
Verb
Syntaks (setningslære)
Bibliografi
Fotnotar
Kjeldor
- Bergsland, Knut: Sydsamisk grammatikk. Tromsø : Universitetsforlaget, 1982. ISBN 82-00-05762-3