Sää´mođđâz
Frå Alnakka.net
Sää´mođđâz (‘samenytt’) var eit skoltesamisk kvartalsskrift som kom ut i Finland frå 1978 til 1986. Språklig sétt begynte bladet som tospråklig finsk/skoltesamisk, men etter kvart tok den skoltesamiske delen heilt over. Bladet var maskinskreve, fotokopiert og distribuert på dugnad. Sää´mođđâz laut gå inn i 1986 etter at det vart omulig å finne pengar til kopiering og distribusjon.