Rorpinn

Frå Alnakka.net

Ein rorpinn eller ein rorpinne er ei stong som er direktekopla på roret og i kjølretninga og som blir bruka til å styre båten med. Ein styrer mot styrbord eller babord ved å vri rorpinnen i motsett retning. Slik skil rorpinnen seg ut frå den indirekte kopla styrvolen, der ein styrer ved å dra styrvolen fram eller att i kjølretninga. Rorpinnar er vanlege i større åfjordsbåtar og nordlandsbåtar, og i tillegg ofte i aurgjeldgeiter.

Sjå òg