Romsdaling

Frå Alnakka.net
Denne artikkelen handlar om språkforma romsdaling. For personar frå landskapet Romsdal, sjå «Romsdalingar».

Romsdaling, òg kalla romsdalsmål, romsdalsdialekt og romsdalsk, er den tradisjonelle dialekten i landskapet Romsdal i Møre og Romsdal fylke — det vil seie i romsdalskommunane med unntak av eldre mål på Eidsøra og lengst nord på Hustad. Dialekten har mykje felles med trøndsk, nordaustlandsk og sørlig nordnorsk i fonologiske trekk, slik som tjukk l (berre av historisk l) og apokope av fleirstavingsendingar (hęstaņņ, skåłiņņ); og dessutan i morfologiske trekk som olike endingar i obestemt fleirtal av sterke og svake hokjønsord (fíre tause, fęmm víso). I ordskatten heng romsdaling i alt vesentlig ihop med trøndsk.[1] Samtidig har dialekten klåre fellestrekk med sunnmøring og fjordamål i det at infinitiven og svake hokjønsord de fleste plassane ender på -e (å vare, å éte, å komme, å bende, å hęlse; ei veke, ei víse) og i det at endingsvokalen i bestemt fleirtal av svake hokjønsord er svekka dei fleste plassane (vísn (‘visene’), bøttn (‘bøttene’), veken (‘vekene’)). Frå nabodialekten nordmøring skil romsdaling seg særlig ut ved hyppig svekking av -a (og stundom -o) til -e, ved lange former i historiske -ja-infinitivar og ved fleire regelrette presensformer (gjęng, stęnn) der nordmøring (og eikesdaling og moldedialekt) har nyare former (går, står).

Om skrivemåten her

Skrivemåten er i utgangspunktet etymologisk, med diakritiske tekn (aksent over, kvist under) og ekstrabokstavar for å markere uttale. Lange, tronge vokalar er markert med akutt aksent (fór, hús). Aksentar tyder ikkje nødvendigvis at vokalen har hovudtrykket i ordet. Opna vokalar er markert med kvist under (hęst, stǫkk). I fall der opninga av o varierer, står vokalen omarkert: veko. Tjukk l er markert med skråstrek gjenom: ł. Palataliserte dentalar er markert med komma under: båtaņņ, baļļ. For å markere ihoptrekt ei og øy blir det skreve æ (for ei) og ö (for øy). Mange plassar er det samenfall mellom æ og ö så vel som mellom í og ý.

Bratt tonelag (tonem 1, inkludert i ord med stavingsberande konsonant (bí’ln, brí’sn); og i Eikesdalen kanskje cirkumfleks) blir markert med ein apostrof rett etter den trykksterke vokalen. I alle andre fall blir ord med meir enn ei staving uttala med flatt tonelag (tonem 2): bíla, vare, váre, grísn.

Klassifikasjon

Konvensjonelt har romsdaling vorte klassifisert under nordvestlandske e-mål dei siste hundre åra, men går vi nøyare inn på målmerka og ordskatten, så viser det seg snart at dette gjev eit lite presist totalinntrykk av dialekten. Romsdalsdialekten står i ei mellomstilling mellom nordvestlandske e-mål, trøndsk og midlandsmål — noko som òg passar godt med den geografiske plasseringa mellom dem.

Trøndske trekk

Utjamning

Det finst nån få ord i romsdalsdialekten som tyder på tidlegare jamvektsmål med utjamning. Ordet (å) vare (‘(å) vara’; Eikesdalen: (å) vara som på Nordmør) er eit slikt ord. I det fallet er det likevel mulig at posisjonen mellom v og r kan ha spela inn, og former som å vara og å va blir bruka langt utom utjamningsområdet, inkludert på Helgeland og i Rogaland. Eit klårare eksempel er ordet (å) bare (‘(å) bora’),[2] som heng samen med den nordmørske forma bara.

Midlandske trekk

Bevart kortstaving i ord med kort rotvokal + kort konsonant er enno ganske utbreidd i Romsdalen. Dét trekket finst òg på deler av Nordmør, men er mykje meir konsekvent halde på i nordenden av Gudbrandsdalen. Manglande palatalisering ved historisk nd (ónnde (‘under’), venn (‘vind’), stønn (‘stund’)) er svært vanleg, særlig i indre strøk (og dessutan i SunndalenNordmør).

Den ikkje-palatale endingskonsonanten i dativ eintal og bestemt form fleirtal av svake hokjønsord i det meste av Romsdalen ser vi òg delvis i Nord-Gudbrandsdalen (vísun ~ vísøn ~ vísøyņņ). Overgangen frå u, truleg via ø, til e samsvarar bra med øvrig hyppig senking av historisk korte vokalar före ikkje-palatale konsonantar i romsdalsdialekten (venn (‘vind’), stønn ~ stónn (‘stund’)) og bør dermed truleg sjåast som ein felles tendens med Gudbrandsdalen heller som samsvar med dei meir fonologisk olike formene i sunnmørsdialekten (vísiņņe ~ víseņņe).

Nordvestlandske trekk

Dei nordvestlandske trekka i romsdalsdialekten er først og fremst trekk som er felles med sunnmøring. Trekka det dreier seg om er først og fremst gjenomført e-ending i infinitiv (å kom(m)e, å éte, å hæte) og i obestemt form av svake hokjønsord (ei veke, ei víse). Eit anna nordvestlandsk trekk kjenner vi att i sporadisk runding av a före ng i enkelte ord (mǫnge ~ mange (‘mange’)). Andre enkeltord som er felles med vestnorsk inkluderer (‘da’) og presensformer som gjęng (‘går’), stęnn (‘står’) og fłér (‘flår’).

Fonologi

Morfologi

Pronomen

Personlige pronomen

Det mest kjente trekket ved dei personlige pronomena i romsdalsdialekten er 1. person eintal nominativ i ('eg') — ei form som òg er vanleg i Lesja i Gudbrandsdalen og i Sunndalen, Eide og delvis på AverøyaNordmør. Eit anna generelt kjennetekn er forma ('dei') i 3. person fleirtal nominativ, akkusativ og dativ — noko som viser fellesskap med sunnmørsk dęi, men står i motsetning til nordmørsk dęm og gudbrandsdalsmål døm.

I første person fleirtal nominativ blir forma ('vi') bruka dei fleste plassane. På Hustad blir forma bruka, som på det meste av Nordmør, medan ås blir noko bruka øvst i Raumadalen.

Substantiv

Hannkjønnsord

Eintal

Fleirtal

Obestemt
Obunde

Bestemt
Bunde

Obestemt
Obunde

Bestemt
Bunde

 

n./a.

dativ

 

n./a.

dativ

båt

bå’tn

bå’ta

båta

båtaņņ

båtǫ

labb

la’bben

la’bba

labba

labbaņņ

labbǫ

stǫkk

stǫ’kkjiņņ
(stǫ’kkjen)

stǫ’kkja

stǫkka

stǫkkaņņ

stǫkkǫ

grís

grí’sn

grí’sa

gríse

grísiņņ
(grísn)

grísǫ

Sterke hannkjønsord

Hovudregelen er at sterke hannkjønsord får a-ending i obestemt fleirtal. Eintalsformene varierer etter utlyden i grunnordet: Ord med dentalutlyd får -n (bå’tn, gú’tn, pła’ssn); ord med labialutlyd får -en og ord med velar utlyd får -ʲiņņ i akkusativ/dativ eintal (stǫ’kkjiņņ, ve’ddjiņņ, ve’ngjiņņ) og -ʲa i dativ (stǫ’kkja, ve’ddja, ve’ngja).

Eit mindre tal sterke hankjønnsord får -e i obestemt fleirtal og -iņņ (Sandøy -en) i bestemt fleirtal (gríse, grísiņņ (grísn); veddje, veddjiņņ).

Svake hannkjønsord


Hokjønsord

Eintal

Fleirtal

Obestemt
Obunde

Bestemt
Bunde

Obestemt
Obunde

Bestemt
Bunde

 

n./a.

dativ

 

n./a.

dativ

sół

só’ła

só’łn

sółe

sółiņņ (só`łn)

sółǫ

sag

sa’gja

sa’gjiņņ

sagje

sagjiņņ

sag(j)ǫ

kjęring

kjęrinja

kjęrinjiņņ

kjęringa

kjęringaņņ

kjęringǫ

veke

vekå

veken

veko (vekú, veke)

veken

vekǫ

Merk at obestemt fleirtal av svake hokjønsord har -e i sørvest (Sandøy, mestparten av Midsund og vestdelen av Vestnes), i Eikesdalen og oppi Romsdalen og -o/-å elles, der å-uttalen er typisk for ytre mål og for nyare dialekt i midtre strøk.


Nøytrumsord

Verb

Geografisk variasjon

Eikesdalen

Dialekten i Eikesdalen er typisk for romsdalsdialekten på mange vis, men har ein del arkaiske trekk. Såleis er det enno a-infinitiv med kort eller förlenga vokal i ein del verb med historisk kort rotstaving i eldre dialekt (å vęta, å lęsa, å søva, å fara, å gręva) så vel som i ein del enkeltverb med historisk langstaving der nordmøring òg har a-infinitiv (å æga, å ligja), og infinitivar med historisk -ja har tradisjonelt apokope på trøndsk vis (å sæ, å fęrtę:ł, å lęgg, å spǿr, å smǿr). Apokope på trøndsk vis er det òg i infinitivane å gję:r, å lęt. Merk likevel at verb av kaste-typen allveg får -e i infinitiv: å spęle, å bore.

Apokope er mykje gjenomført i komparativ av adjektiv i eldre dialekt: fínar, ęnklar, stǿr.

Som i nordmøring er velare konsonantar behaldne i dativ eintal og fleirtal av svake hannkjønsord (hagå, skuggå, bakkå). I eldre dialekt er den obestemte fleirtalsendinga i svake hokjønsord (mǫnga bøttú, mǫnga vekú) som øvst i sjølve Raumadalen og i deler av Gudbrandsdalen, men i etterkrigsgenerasjonen er denne endinga utskifta med -e (mǫnge bøtte, mǫnge veke).

Der andre romsdalsmål har adjektivendinga -ete (rótete), har eikesdalsdialekten tradisjonelt den trøndske og nordnorske endinga -ott (rótott, kłęppott).

I pronomena følgjer Eikesdalen hovudsakleg romsdaling elles, og det heter í šló mé (som elles i Romsdal og dessutan i Sunndalen og Lesja) og mé šló oss (som elles i Romsdal) heller enn é šló mé (som i Øksendalen) og oss šló oss (som i Lesja og Sunndalen) eller ví šló oss (som i Øksendalen, på Eidsøra og elles på det meste av Nordmør).

Lenger ut langsmed Eikesdalsvatnet er dialekten meir lik vanleg romsdaling, inkludert obestemt fleirtal vekó med trong o-uttale. Den kløyvde infinitiven blir likevel noko bruka der òg.

Hustad, Fræna og Bud

Sandøy

Molde bymål

Moldedialekt er eit typisk distriktsbymål med visse grunntrekk felles med romsdaling allment, men med ei generell förenkling av systemet. Eitt av dei grunntrekka er e-ending av verb i infinitiv og av svake hokjønsord, som er nesten heilt gjenomført, med berre med unntak av verbet «å gjera», der dei fleste har bortfall av endevokal og seier å gjør.

Mange av trekka i moldedialekten er for øvrig felles med kristiansundsdialekten og med meir eller mindre påverkning frå landsdelssentrumet Trondheim — slik som dęm (felles med Krs. og Trh.) for vestnorsk ‘dei’ (romsdalsk ), dęmmers (felles med Trh.) for nordmøring ‘deras’ og vestnorsk ‘deira’ (romsdalsk dæra) og förenklinga av substantivbøyinga til -a/-an i fleirtal av mesta alle hann- og hokjønsorda (felles med nyare dialekt i Trh.).

Dativ manglar heilt i sjølve bymålet.

Det er lite palatalisering av velarar i innlyd, mesta berre i orda ikkje, mykkje og bikkje.

Diftongane ei/øy/au er i hovudsak bevart, tydelige og ikkje monoftongisert (éi héil øy mé lęuse stéina (ei heil øy med lause steinar)). Men blant anna desse orda har derimot klar monoftong med ǿ: hǿre, hørsel, kjǿre; drømme, drømm, strømme strømm, glømme, glømsel (evt. glęmme, glęmsel), gjømme, gjømsel (evt. gjęmme, gjęmsel), trøtt (evt. trętt) og lǿk.

Alle hokjønsorda har -a i bestemt form eintal, og både hannkjøn og hokjøn har i hovudsak endinga -a i obestemt form fleirtal og -an i bestemt form fleirtal: Maŋe sęua, alle sęuan. (Mange sauer, alle sauene).

Alle sterke verb med éi staving i infinitiv får «halvsvak» bøying, som i gjí - gjír - gá(v) - gjitt, lá - lár - lót - latt eller tá - tár - tók - tatt. Sterke verb med fleire stavingar i grunnforma får derimot oftast sterk bøying: kǫmme - kjęmm - kǫmm - har kǫmme, fęre (fare) - fęr (fer) - fór - har fóre, sǫve - sǿv - sǫv - har sǫve, fłýge - fłýg - fłęug - har fłǿge (fłòge).

I Molde seier dei da der romsdalske bygdamål generelt har .

Vidare er det olikheiter i dei personlige pronomena i fleirtal. Der det meste av romsdaling elles har , har moldedialekten . I andre person fleirtal har bygdamåla , dǫkkǫ og dǫkkǫ sin i høvesvis subjekts-, objekts- og eigeform. I Molde seier dei dǫkker, dǫkker og dǫkkers. I tredje person fleirtal heiter det dęmm, dęmm og dęmmers i Molde, medan bygdamåla har formene (dei), (dei) og dæra (deira).

Å bli blir bøygd błí - błír - błéi - błitt i Molde, medan bygdamåla varierer mellom slik bøying (men med monoftongisering av éi til æ i błæ) og kløyvd bøying (błí - błí - vart - vǫrte).

Fotnotar

  1. Kart nr. 15 i Bandle, Oskar: «Nordisk dialektografi : problem og metoder», i Mot-Skrift 1984, nr. 2.
  2. “Kva du vell mæ navar? I vell bare slē`e.” (Rypdal 1929, s. 48.)

Litteratur og kjeldor

  • Austigard, Liv Dagrun Gjelsvik: Eikesdalen : eit marginalt språksamfunn. Hovudoppgåve, Univ. i Trondheim, 1995.
  • Grøtta, Oddbjørn: Isfjordsdialekten : ordliste samt omriss av grammatikk og fonetisk særpreg. [Sørumsand] : Tempus Media, 2005.
  • Rypdal, Hans: Romsdalsmål (Tresfjorden) : formlæra. (Norske målføre : X.) Oslo (i kommisjon hjå Olaf Norli), 1929.
  • Sandøy, Helge: Romsdalsmålet : skisse til ein grammatikk. Bergen, 1982.