Rome
Frå Alnakka.net
«Rome» i ordlista | |
|
Rome | ||
Systematikk | ||
Domene: | Eukaryota | |
Rike: | Plantae | |
Rekkje: | Spermatophyta | |
Underrekkje: | Angiospermae | |
Underrekkje: | Angiospermae | |
Klasse: | Monocotyledonae | |
Orden: | Dioscoreales | |
Familie: | Nartheciaceae | |
Slekt: | Narthecium | |
Art: | ossifragum | |
Vitskaplig namn | ||
Narthecium ossifragum |
Rome (Narthecium ossifragum) er ei plante i liljefamilien. Planta finst i store deler av Vest-Europa frå Portugal til Skandinavia. I Norge veks romeplanta opp til 1 000 meter over havet i myrlendte område nord til Troms fylke. Romen er mindre vanleg på Austlandet. I Sverige finst det noko rome, som blir kalla myrlilja der, i dei vestlige områda frå Skåne til Jamtland. Romen er vanleg i myrområde i Danmark, der han blir kalla benbræk.
Rome er skadeleg for sauer under visse forhold. Planta inneheld saponin, eit stoff som kan gje lam leverskadar og føre til sjukdommen alveld. Blant reinar er ikkje alveld vanleg, men kvite individ kan utvikle symptom.
Pekarar
![]() |
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Rome» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. |