Romaniotes
Romaniotes (Mal:Gr. Ρωμανιῶτες, /rōmaniōtes/), òg kalla romaniotiske jødar er ei greskspråklig jødisk gruppe som i dei siste hundreåra hovudsakleg har halde til i området kring vår tids Hellas og til ein viss grad Albania og Sør-Italia.
Opphav
Religion
Romaniotisk jødedom blir rekna som ei av dei retningane av rabbinsk jødedom som har halde mest på tradisjonane frå Israel slik dei var före dei kristne korstoga øydela den attvarande infrastrukturen i det jødiske samfunnet der.
Blant typiske trekk i romaniotisk jødedom kan nemnast synagogearkitekturen med si bipolare planløysning: Tebáen (leseplattforma) ligg vanlegvis på motsett vegg i forhold til Hekhál (arka el. toráskåpen). Torárullane blir tradisjonelt lagra i tikím (sylindrar) heller enn i vestidos (kappor). Ein legg svært stor vekt på Talmúd jerusjalmí. Det er tradisjonelt relativt mykje bruk av jevanisk, eller «jødegresk», som liturgisk språk attmed hebraisk.
Sidan slutten av 1400-talet har romaniotisk jødedom vorte mykje påverka av sefardisk jødedom etter at eit stort tal sefardím som var landsförvist frå Spania (1492) og i mindre grad Portugal (1497) flykta til Det osmanske riket.
Kjente romaniotes
- Joseph Solomon Del Medigo (1591–1655), forfattar, dokter, matematikar, musikkteoretikar og filosof.
- Elijah Mizrachi, hahambaşı av Det osmanske riket
- Mordechai Frizis, offiser i Den greske hæren
- Sjabbetái Ṣebí, ein falsk masjíaḥ.
- Rae Dalven, romaniotisk-amerikansk forfattar som særlig er kjent for attdiktingane sine av moderne gresk poesi og for bøkerne sine om Ioannina
- Amalia Vaka, ei songarinne som er kjent for framføringane sine av gresk folkemusikk og rembetiko.
- Gabrielle Carteris, skodespelar
- Jack H. Jacobs, Vietnam-veteran og Medal of Honor-mottakar.
Sjå òg
- gresk etróg
- Ioannina
- Ioannina-synagogen i Jerusalem
- Jevansk
- Kehila Kedosha Janina (Manhattan, New York)
- Thessaloniki (Salonica)
Pekarar
This article is based entirely or in part on the article “Romaniotes” from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License. |