Rezabok

Frå Alnakka.net
Det finst ein lettare artikkel om dette — sjå «Kva er ein siddúr».
«Rezabok» i ordlista
ei rezabok, rezaboka (dativ ått di rezaboken); fleire rezabøker, alle rezabøkerne (dativ ått all(om) dei rezabokom)
Ymse rezabøker.
Foto:Olve Utne

Ei rezabok (frå sp./pt./Mal:Galego/Mal:Arag. rezar, ‘be’) eller ein siddúr (hebr. סִדּוּר [sid'dūr] el. סִידּוּר); pl. siddurím) er ei jødisk bønebok. Ei rezabok inneheld typisk sett bøner for kvardagar og sjabbát, men kan òg innehalde ritual for overgangsritual og/eller dei tre valfartsfestane pesaḥ (páscua de las cenceñas, jødisk påske), sjabungót (páscua de las semanas, vekkofesten, jødisk pinse) og sukkót (páscua de las cabañas, lauvhyttefesten).

Ei rezabok som inneheld dei faste bønene for alle dagane i året eller spesifikt for dei høge heligdagane (rosj hasjaná og kippúr) blir gjerne kalla ein maḥzór.

Rezabok opna til ngamidáen for morgongudstjenesta for kvardagar. Under den gudstjenesta brukar den som les tefillín (bønereimer).
Foto: Shirley Q.

Olike etniske retningar av jødedommen, som sefardisk jødedom og asjkenazisk jødedom, har noko olik utforming av rezabøkerne sine.