Reinost
Rein og reindrift | |
|
Reinost (nyn./bm.; bm./sv. renost; s.sam. bovtsenvuasta; pites. buhttsuvuässtá -st-; lules. boahttsuvuosstá -st-) er ein ost som tradisjonelt er basert på reinmjølk sprengt med det mörke feittet kring tarmane på ferskvassfisken harr (Thymallus thymallus). Osten blir gjerne forma til flatvordne, runde ostar i kring 10–25 cm vide og 3–5 cm djupe ostformer av fletta/sydde rottæger (s.sam. deajvoe, pites. dæjjvo -jv-, lules. dæjvvo -jv-) eller utskore tre (s.sam. skaahpoe, skaahpa; pites./lules. skáhppo -hp-) og tørka. Reinosten blir tradisjonelt blant anna skava tynt og bruka som ost i kaffen. Reinost og reinkjøtt har vore to av dei viktigaste byttemidla frå fjellsamisk side i verdde-systemet med utveksling av varor og tjenestor mellom dem og den fastbuande befolkninga.
I samisk folkemedisin har reinost tradisjonelt vorte bruka til å behandle frostskadar — ein metode som passar godt med moderne medisinsk kunnskap som tilseier at frostskadar helst skal behandlast med feite, oppmjukande salvor og forsiktig oppvarming.[1] I tradisjonell samisk religion var reinost eitt av dei matslaga som kunne pakkast inn i bark og hengast opp i trea kring kåta som offer til sjukdoms- og dødsdemonen Rota for å verne kvinnfolka.
Reinost i stadnamn
Namdalen
Reinostberget er eit lite berg på ein holme i Dåtnejaevrie (Tunnvatnet) i Røyrvik kommune.
Salten
Reinosthellaren ligg oppi lida knapt ein kilometer vestom Tverråvatnet vestom Røkland i Saltdal kommune. I Beiarn kommune ligg Reinostbakken kring 70–100 moh. i lida mellom Nordlandsvika og Nordlandsknubben.