Røye
Frå Alnakka.net
«Røye» i ordlista | |
|
Røye | ||
Røye. Foto: Petr Brož
| ||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Actinopterygii | |
Orden: | Salmoniformes | |
Familie: | Salmonidae | |
Slekt: | Salvelinus | |
Art: | S. Alpinus | |
Vitskaplig namn | ||
Salvelinus alpinus |
Røye eller røyr (Salvelinus alpinus) er ein fisk av laksfamilien. Røya er den nordligaste av laksfiskane og finst i salt- og ferskvatn kring Nordishavet og Skandinavia, og i tillegg i ferskvatn i høgfjellsområda kring Alpane og Pyrenéane. Røya er ein god matfisk og blir rekna som delikatesse i Nord-Norge. Han blir noko bruka i landbasert fiskoppdrett.
Namn
På samiske språk er namnet lånt frå urnordisk til sørsamisk raavre, umesamisk ravdo, pites. rávvdo, lules. rávddo, n.sam. rávdu osv. Ordet er òg innlånt til finsk i forma rautu.