Pinnekjøtt
Pinnekjøtt er ein tradisjonell norsk matrett med røter hovudsakleg på Vestlandet. Ein spekar (vaskar, saltar og heng til tørk i nokre månader) ei heil side av lam eller sau. Denna sida blir så grundig utvatna og oppdelt. Ein dampar så kjøttet i ei gryte med pinnar av eine eller björk som rist, eller eventuelt med ei metallrist i staden. Kjøttet blir servert med kålrabistappe og flatbrød som festmat. Det er òg tradisjonelt å servere feittet frå gryta som saus.
Det finst store lokale olikheiter i kossen ein lagar pinnekjøttet. Nokre brukar hjort eller reinsdyr i staden for fårekjøtt og nokre røykjer kjøttet före det blir tørka. De fleste familiane dampar tradisjonelt kjøttet på björkapinnar, men ein del familiar brukar tradisjonelt einepinnar i staden. Mange serverer òg potetar som tilhør — og i mange familiar serverer ein andre kjøttretter i lag med pinnekjøttet.
Oppskrifter
Pinnekjøtt frå Sunnmør
- etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).
Ingrediensar
- salta og tørka lammeside - vatn - einepinnar utan bark 1 einekvast med bar og bær - kålrabi - potet (- evt. svart peppar)
Framgangsmåte
- Del opp den salta og tørka lammesida etter ribbeina. Del evt. store bein i to.
- Vatn ut kjøttet.
- Nedst i gryta legg ein friske einepinnar (utan bark) på kryss og tvers. Om ein ikkje har nok einepinnar, kan ein kombinere dem med ei stål- eller aluminiumsrist. Oppå dem legg ein så det oppdelte og utvatna kjøttet og ein einekvast. Ha på vatn til det dekkjer einepinnane.
- Kjøttet skal dampe under lokk i ca 3–4 timar. Fyll evt. etter med vatn så det ikkje kokar tørt.
- Kok kålrabi og potet.
- Når kjøttet er ferdig, tek ein det opp av gryta og legg det på fat.
- Feittet nedst i gryta har ein i sausekoppar som tilhør.
- Kålrabien og litt av poteten mosest i lag med litt av feittet til kålrabistappe. Tilsett evt. peppar etter smak.
- Legg resten av poteten på serveringsfat.
- Servér pinnekjøttet med kålrabistappe, feitt, potet (til dei som ikkje likar kålrabistappe) og flatbrød. Drikke: vatn, mineralvatn, brus, øl.
- Til dessert kan ein ha fruktsalat.