Parasjàt Niṣṣabím
Femte Mose-bok, kap. 29:9—30:20
(Omsetting: Alexander Seippel.)
Kapitel 29
(9) So kom daa i hug aa halda dykk etter kvart ord i denne pakti, so de fer vislege aat i alt det de gjerer!
(10) Her stend de i dag alle fram-fyr’ Herrens aasyn — hovdingarne dykkar, ættirne, styres-mennerne og formennerne, kvar mann i Israel, (11) borni og konurne dykkar, og dei framande i legret, baade veda-hoggaren, og vass-beraren — (12) og skal gaa inn i sambandet med Herren dykkar Gud og den pakti han gjer med dykk i dag; (13) for i dag vil han gjera deg til sitt folk, og sjølv vil han vera din Gud, soleis som han hev sagt deg, og soleis som han hev lova federne dine, Abraham og Isak og Jakob. (14) Og inkje berre med dykk gjer han dette sambandet og denne pakti, (15) men baade med de som i dag stend her med oss fyr’ Herrens aasyn, og med dei som inkje er her hjaa oss i dag.
(16) For de minnest vel at me budde i Egyptar-landet, og at me for fram millom alle dei folki de veit. (17) Og de saag dei ufysne stygge-tingi av stokk og stein, av sylv og gull, som dei hadde til gudar. (18) Lat det daa ’kje finnast hjaa dykk mann eller kvinne, ætt eller ætt-grein som i dag vender hjarta sitt burt fraa Herren vaar Gud, og gjeng av og tenar gudarne aat dessa folki! Lat det ’kje finnast nokon som er rot til troll-ber og malurt, og som tenkjer med seg, (19) naar han høyrer ordi i denne pakti: «Eg er like sæl; det gjeng meg like godt, um eg trassar og fer etter min eigen hug!» For slike kjem til aa føra ulykka yver bygd og by. (20) Herren skal aldri gjeva dei til. Herrens vreide og harm skal loga imot dei som ein eld, og alle dei vaabønir som er skrivne i denne boki, skal kvila paa dei. Herren skal rydja namnet deira ut or verdi. (21) Herren skal skilja dei ut fraa alle Israels ættir, og det skal gaa dei so ille som spaatt er i alle vaabønirne i den pakti som er skrivi i denne log-boki.
(22) Og naar dei komande ættir — borni som veks upp etter dykk — og den framande som kjem fraa eit land langt burte, ser dei ulukkur som hev raama dette landet, og dei sjukdomar som Herren hev heimsøkt det med — (23) ser heile marki straadd ned svaavel og salt, og upp-brend so ho inkje kann saaast og ingen ting gjeva av seg, og det inkje kann veksa gras paa ho — som den gongen Sodoma og Gomorra og Adma og Sebojim vart lagde i øyde, dei byarne som Herren gjorde ende paa i sin vreide og harm — (24) daa kjem dei til aa spyrja — alle kjem til aa spyrja: «Kvi hev Herren fari soleis aat med dette landet? Kaa var det som volde denne svære vreides-elden?»
(25) Og dei fær til svar: «Det var av di dei braut pakti som Herren, fedra-guden deira, gjorde med dei daa han henta dei ut or Egyptar-landet, (26) og av di dei gjekk av og tente andre gudar, og bad til dei — gudar som dei inkje kjende, og som han inkje hadde gjevi dei lov aa dyrka. (27) Difor loga Herrens vreide upp imot dette landet, so han let alle dei vaabønir kona yver det som er skrivne i denne boki. (28) Han rykte dei upp or landet deira i harm og vreide og græe, og slengde dei burt til eit anna land, og der hev dei loti vori til denne dag.»
(29) Det dulde høyrer Herren vaar Gud til, men det som er open-berra gjeld fyr oss og borni vaare i all æve; di skal me halda alle bodi i denne logi.
Kapitel 30
(1) Naar daa alt dette kjem yver deg — velsigningi og forbanningi som eg no hev lagt fyre deg — og du tek det til hjarta i dei framande landi som Herren din Gud hev drivi deg burt til, (2) og du so vender um til Herren din Gud, og lyder han av heile ditt hjarta og heile din hug i alt det eg segjer med deg i dag, baade du og borni dine, (3) daa skal Herren din Gud ynkast yver deg, og vende lagnaden din, og sanka dykk i hop att or alle dei landi som han hadde spreidt dykk ut-yver. (4) Um de so var burt-støytte til verdsens ende, so skal Herren dykkar Gud samla dykk og henta dykk der-ifraa. (5) Han skal føra deg heim att til det landet federne dine hev aatt, og du skal faa eiga det, og han skal gjera vel mot deg, og auka dykk, so de vert endaa mann-sterkare en federne dykkar var. (6) Og han skal gjeva deg og ætta di ein ny og skir hug, so du elskar Herren din Gud av heile ditt hjarta og heile di saal, og daa skal du faa liva.
(7) Daa skal Herren din Gud lata alle desse vaabønirne koma yver fiendarne dine og yver dei som hev hata og seti etter deg; (8) og du skal paa nytt lag lyda Herren din Gud, og halda alle bodi hans, som eg lærer deg i dag. (9) Og Herren din Gud skal velsigna deg i alt du tek deg til; du skal hava lukke baade med born og buskap og avling, so du vert sæl; for Herren skal daa gleda seg yver deg, og gjera vel imot deg, liksom han fyrr gledde seg yver federne dine — (10) so sannt du lyder Herren din Gud, og held bodi og fyre-segnirne hans, alt det som er skrivi i denne log-boki, og so sannt du vender um til Herren din Gud av heile ditt hjarta og heile din hug.
(11) For dette bodet, som eg legg fyre deg i dag, det er inkje for høgt fyr deg, og inkje for langt burte; (12) det er inkje upp-i himmelen, so du lyt segja: «Kven vil fara upp til himmelen og henta det, og lata oss faa høyra det, so me kann liva etter det?» (13) Og det er inkje paa hi sida av havet, so du lyt segja: «Kven vil fara yver havet og henta det aat oss, so me kann høyra det og liva etter det?» (14) Bodet er nærare en so: det er i din eigen munn og i ditt eigi hjarta, so du vel kann liva etter det.
(15) Sjaa, i dag legg eg fram-fyre deg livet og det gode, og dauden og det vonde: (16) Gjer du som eg segjer med deg i dag — Elskar du Herren din Gud, og gjeng paa hans vegir, og held bodi og fyresegnirne og logirne hans, daa skal du liva og veksa, og Herren din Gud skal velsigna deg i det landet du kjem til aa eiga. (17) Men vender du hugen din burt, og inkje vil lyda, og let du deg lokka til aa dyrka andre gudar og tena dei, (18) so segjer eg dykk i dag beint ut at de skal verta ut-rudde; de skal inkje faa liva lenge i det landet de no fer yver til og skal leggja under dykk.
(19) Himmel og jord tek eg i dag til vitne paa at eg hev lagt fram fyr’ deg liv og daude, velsigning og vaabøn! Vel daa livet, saa skal du faa liva, baade du og ætta di! (20) Elsk Herren din Gud, og lyd bodi hans, og hald deg til han! for daa vinn du livet, og naar ein høg alder, og fær bu i det landet som Herren lova federne dine, Abraham og Isak og Jakob.»
Tenákh | ||||||||
|